Nye retningsliner for ordtilfanget i nynorsk

AV JAN TERJE FAARLUND

På årsmøtet i Norsk språkråd i februar i år vart det vedteke nye retningsliner for kva ord som skal kunna takast inn i nynorske ordlister og ordbøker. Dei orda det gjeld, er fyrst og fremst tyske og danske importord, mellom anna dei såkalla «an-be-heit-else»-orda. Heilt sidan Ivar Aasens tid har det vore ein motsetnad mellom omsynet til det tradisjonelle norske ordtilfanget og omsynet til dei orda som faktisk finst i dialektane.

I 1983 la ei nemnd med Kjell Venås som leiar fram ei innstilling om ordtilfanget i nynorsk for Norsk språkråd. Nemnda hadde delt seg i eit fleirtal og eit mindretal, og på årsmøtet i 1984 gjorde nynorskseksjonen dette vedtaket:

Tilrådinga om nynorsk ordtilfang, både fleirtalstilrådinga og dissensen, alle omsegner som er komne inn til Språkrådet i samband med høyringsrunden, og referata frå møta om saka blir lagde til grunn for arbeidet med nynorsk ordtilfang i framtida.

Dette vedtaket gav ikkje fagnemnda noko klart mandat for opptak av ord i nynorsk. Framleis måtte fagnemnda og Språkrådet gjera vedtak om eitt og eitt ord, meir eller mindre etter skjøn.

Den noverande fagnemnda har derfor sett eit behov for klarare retningsliner for ordtilfanget i nynorsk. Dette er altså for det fyrste motivert ut frå ønsket om å komma bort frå ein praksis med meir eller mindre tilfeldig godkjenning av einskildord. For det andre bør vi gjera noko for å fjerna oppfatninga av nynorsk som eit «forbodsspråk». Derfor bør retningslinene vera slik formulerte at dei opnar for dei vanlegaste orda som er i dagleg bruk i norske dialektar og i folkeleg norsk daglegspråk, samstundes som det ikkje er fritt fram for alle slags dansk-tyske skriftspråksord.

Hausten 1997 laga fagnemnda eit framlegg til slike retningsliner. Dette var eit svært liberalt framlegg, som ville opna for ei rad ord frå folkeleg talemål som til no ikkje har vore tillatne i nynorsknormalen. Framlegget skapte ein livleg debatt og stor motstand frå meir konservativt hald blant nynorskbrukarar, og på årsmøtet i februar 1998 vedtok nynorskseksjonen samrøystes å utsetja vedtaket til året etter. Dermed kunne debatten gå vidare, og mange viktige synsmåtar og moment i saka kom fram.

Til rådsmøtet i år låg det fyrst føre tre ulike framlegg til retningsliner, eitt frå kvar av fagnemndmedlemene Nordstrand, Sandøy og Faarlund. Desse framlegga skilde seg mest i kor langt ein ville gå i retning av talemåla, men dei stod ikkje så langt frå einannan. Før møtet i nynorskseksjonen lykkast det å arbeida dei saman til eitt framlegg, som alle dei tre kunne samla seg om. Retningslinene er ordna i ein del A, som seier noko allment om kva slags ord ein skal opna for, og ein del B med nokre spesifikke avgrensingar. Nedanfor følgjer dei einskilde punkta i framlegget, med nokre kommentarar og illustrerande døme.

A Allmenne retningsliner

1 Ord som har stor utbreiing i norske dialektar, bør ikkje haldast ute frå nynorske ordlister og ordbøker – med avgrensingane nedanfor.

Her blir det viktige prinsippet stadfest at det er dialektane som er grunnlaget for nynorsken, og at ord som norske dialektbrukarar har i sitt naturlege talemål, også høyrer heime i det nynorske skriftspråket.

2 Ein skal leggje vekt på om ordet alt er i vanleg bruk i skriftleg nynorsk.

3 Ein tek ikkje opp ord når dei er synonyme med etablerte nynorskord og ligg nær slike ord i bygnad og skrivemåte.

Dette punktet stengjer for at bokmålsforma av eit ord kan komma inn ved sida av ei nynorskform som alt finst. Ettersom nynorsk alt har ordet åtvara, kan ein ikkje ta inn advara, jamvel om den forma finst i talemålet åt mange.

4 Opptak av ord i éi ordklasse treng ikkje føre til at ein tek opp tilsvarande ordstamme i andre ordklasser.

Ein kan bruka uansett og betenkt, utan at ein dermed lyt godkjenna ansjå og betenkja.

5 Ein markerer ikkje etymologisk samanheng mellom importordet og andre nynorskord dersom det ikkje er vanleg å ha slik formsamanheng i dialektane.

Dette vil seia at eit ord som t.d. gåve ikkje automatisk skal føra til eit ein også lyt skriva begåvelse.

B Retningsliner for særlege ordgrupper

1 Ein tek ikkje opp ord med førestavingane an- og be- der nynorsk i same tyding har same ordrota utan den aktuelle førestavinga, eventuelt med etterfølgjande preposisjon.

Ettersom vi alt har tal, treng vi ikkje antal, og uttrykket tvila på gjer at vi ikkje skal godta betvila.

2 Ein tek ikkje opp verb på -ige og avleiingar med dei.

Ord som beskjeftige og avskjedige høyrer ikkje heime i nynorsk.

3 Ord på -else kan takast opp berre når ein ikkje har synonyme ord på -ing, -nad eller utan affiks.

Dermed godtek ein ikkje frigjørelse, som heiter frigjering på nynorsk, eller besvarelse, som heiter svar. I staden for anerkjennelse kan vi bruka anerkjenning.

4 For suffikset -heit gjeld desse restriksjonane:
a Ein tek ikkje opp -heit-avleiingar av perfektum partisipp, av presens partisipp og av adjektiv på -et(e)/-ut.

Det kan altså ikkje heita fordømtheit, uthaldandeheit eller klossetheit på nynorsk.

b Ord på -laus skal ha -løyse som einaste avleiing.

Det heiter arbeidsløyse, ikkje arbeidslausheit.

c Ord på </>-sam skal ha -semd som einaste avleiing.

Det heiter takksemd, ikkje takksamheit.

d Ord som i nynorsk har suffiksa -dom, -leik og -skap i allmenn bruk, skal ikkje takast opp med -heit.

Det heiter fridom, tryggleik og likskap, ikkje friheit, tryggheit og likheit.

e Ein godtek ikkje -heit-ord der kortavleiingar er i bruk i dialektane.

Det heiter vanske, samvit, rettferd, ikkje vanskelegheit, samvittigheit, rettferdighet. Desse reglane om -heit stengjer derimot ikkje ute moglegheit, fruktbarheit, ferdigheit osv.

5 Nynorsken tek ikkje opp fleire substantiv i inkjekjønn på -ande.

Det er altså ikkje rom for forgodtbefinnande eller illebefinnande.

Nynorskseksjonen i Språkrådet vedtok dette framlegget med 18 mot ei røyst. Dermed har Språkrådet fått eit sett med retningsliner å følgja i arbeidet med godkjenning av ordlister, ordbøker og lærebøker. Det er òg å vona at striden om ordtilfanget har lagt seg for ei stund, og at energien kanskje kan brukast på andre saksområde i tida framover.

Heile innstillinga er prenta i heftet Ordtilfanget i nynorsk – synsmåtar og røynsler. Norsk språkråds skrifter nr. 5, 1998. Heftet, som kostar 50 kroner, kan tingast frå Språkrådet.

 

-- Jan Terje Faarlund er professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2003 | Oppdatert:23.06.2015