Årsmøte i Norsk språkråd

AV JON GREPSTAD

Skal nynorsk ta opp fleire ord på an-, be-, -heit og -else? Og kva prinsipp skal ein byggje på når ein tek opp nye ord i nynorske ordlister?

Skal bokmål ta bort skiljet mellom hovudformer og sideformer? Og kan bokmålet avskaffe eit slikt skilje utan at det same skiljet blir fjerna i nynorsk?

Finst det eller bør det finnast ei uttalenorm i nynorsk og bokmål? Og skal Norsk språkråd arbeide meir med uttalespørsmål?

Dette var nokre av spørsmåla som vart tekne opp da dei 38 medlemmene i Norsk språkråd kom saman til årsmøte i Oslo 2.–3. februar.

Semje om ordtilfanget i nynorsk

Trass i strid på årsmøtet i fjor samdest nynorskseksjonen i Norsk språkråd i år raskt om retningslinjer for opptak av ord i nynorske ordlister. Eit framlegg frå seks medlemmer i seksjonen vart vedteke med 18 mot 1 røyst. Vedtaket omfattar fem allmenne retningslinjer og fem retningslinjer for særlege ordgrupper. Dei allmenne retningslinjene seier mellom anna:

– Ord som har stor utbreiing i norske dialektar, bør ikkje haldast ute frå nynorske ordlister og ordbøker. Avgrensingar er gitt i retningslinjene for særlege ordgrupper.
– Ein skal leggje vekt på om ordet alt er i vanleg bruk i skriftleg nynorsk.
– Ein tek ikkje opp ord når dei er synonyme med etablerte nynorskord og ligg nær slike ord i bygnad og skrivemåte.

Retningslinjer for opptak av ord i nynorske ordlister vart drøfta på årsmøtet også i fjor. Det framlegget som da vart lagt fram, var omstridt og vart sendt attende til fagnemnda i Språkrådet. Striden galdt da som før særleg dei dansk-tyske importorda – først og fremst dei såkalla "anbeheitelse"-orda. Argumentet for å ta nokre av desse inn er at dei i lang tid har hatt ein naturleg plass i norske dialektar. Eit viktig argument imot er at dei kan trengje unna gode tradisjonelle norske ord.

Framlegget som samla nynorskseksjonen, vart lagt fram av Jan Terje Faarlund, Jan Olav Fretland, Kåre Lilleholt, Åshild Nordstrand, Helge Sandøy og Lars S. Vikør.

Likestilte former i bokmål?

Bokmålsseksjonen i Norsk språkråd gjekk samrøystes inn for å fjerne skiljet mellom hovudformer og sideformer i bokmål. Hovudformene utgjer den såkalla læreboknormalen og skal brukast i lærebøker og i staten. Men skiljet mellom hovudformer og sideformer har i dag lite å seie i praksis, meinte mange av medlemmene i bokmålsseksjonen. Seksjonen bad fagnemnda i Norsk språkråd arbeide vidare med saka fram til årsmøtet i år 2000. I mellomtida må det avklarast kva for instans som avgjer saka.

Sideformene er i ordbøker markerte med klammer eller hakeparentes. I bokmål har fleire hundre hokjønnsord i dag hovudform på -a og sideform på -en i bunden form eintal, men mange av desse er ord som er lite brukte. Døme på vanlege ord som har sideform på -en er bikkjen, bruen, bryggen, felen, jenten, kuen, skeien, skjæren og stoven. Hovudformene for desse orda er brua, brygga, kua, fela, jenta, skeia, skjæra og stova.

Skiljet mellom hovudformer og sideformer går attende til 1917, for nynorsk til 1910.

Punktum i forkortingar

Årsmøtet oppheva regelen om at punktum i forkortingar kan sløyfast der det ikkje er fare for misforståing. Mens ein sidan 1970-åra har kunna velje om ein ville skrive f.eks. eller f eks, m.a. eller m a, osv. eller osv, gjeld frå no av berre den første skrivemåten. Forkortingane skal altså skrivast: f.eks., m.a. og osv. med punktum.

Mål-, vekt- og mynteiningar skal framleis skrivast utan punktum: cm for centimeter, dl for desiliter, kr for krone osv.

I ordbøker og opplistande publikasjonar kan ein nytte forkortingar utan punktum for å spare plass.

Punktum i datoar

Årsmøtet vedtok vidare at det skal vere punktum i datoar føre månadsnamn: 5. mars 1998, 15. august 1999, 1. januar 2000.

Før har punktum vore valfritt, men det har vore mest vanleg å skrive dato med punktum.

Andre spørsmål

Årsmøtet gjorde vidare vedtak om at fagnemnda skulle utarbeide retningslinjer for rådgjeving i uttalespørsmål. Kor omfattande retningslinjene skal vere, må avklarast i fagnemnda og styret. Rådet drøfta òg godt lærebokspråk, delte ut Norsk språkpris, diskuterte organisasjonsforma til Språkrådet og tok stilling til skrivemåten for nokre få ord som ikkje er normerte tidlegare.

Val

Ola Haugen vart attvald til leiar for bokmålsseksjonen i Norsk språkråd, og tek over som leiar av styret i 1999. Styreleiaren kjem annakvart år frå bokmålsseksjonen, annakvart år frå nynorskseksjonen. Ola Haugen er til dagleg direktør i Cappelen Forlag. Professor Kåre Lilleholt vart attvald som leiar av nynorskseksjonen, og blir nestleiar i styret i 1999. Lilleholt er professor i jus ved Universitetet i Bergen.

Professor Jan Terje Faarlund er leiar av fagnemnda i Norsk språkråd i år, mens professor emeritus Dag Gundersen er nestleiar. Begge kjem frå Universitetet i Oslo.

 

-- Jon Grepstad er informasjonskonsulent i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.11.2003 | Oppdatert:23.06.2015