Arbeidet med ordbøker i Språkrådet

MARIT HOVDENAK

Å informere om rettskrivingsendringar og andre normeringsvedtak har vore ei sentral oppgåve for Norsk språkråd heile tida. Å utarbeide ordbøker er ein måte å leggje fram kunnskap om språk på. Språkrådet har gjennom åra sjølv stått bak ein del ordbøker og vore delansvarleg for andre ordbokprosjekt. I alt 16 titlar blir omtalte her.

Allmennordbøker og rettskrivingsordlister

Det største ordbokarbeidet Språkrådet har vore med på, er Bokmålsordboka og Nynorskordoka. Bøkene har undertittelen Definisjons- og rettskriv(n)ingsordbok. Desse to standardordbøkene kom ut parallelt i 1986 etter at dei hadde vore i arbeid sidan 1974. Dei kom i reviderte utgåver i 1993. Bokmålsordboka og Nynorskordboka er alt-i- eitt-ordbøker: Dei viser offisiell rettskriving og bøying, har med uttaleopplysningar, ordhistorie (etymologi), definisjonar, faste uttrykk og bruksdøme. Nytt og uvant for mange brukarar var at det er brukt bøyingskodar i staden for endingar for dei vanlegaste bøyingsklassane, t.d. f1 for vanlege hokjønnsord og m1 for vanlege hankjønnsord.

Bokmålsordboka og Nynorskordboka dekkjer det sentrale allmenne ordtilfanget i kvar målform. Oppslagsorda er valde ut frå andre ordbøker og oppslagsverk, frå store ordarkiv o.a. Ordbøkene vart til som eit samarbeidsprosjekt mellom Språkrådet og Norsk leksikografisk institutt (no: Avdeling for leksikografi) ved Universitetet i Oslo, der sjølve redigeringsarbeidet gjekk føre seg. Begge institusjonane lønte redaktørar til arbeidet. Dei to ordbokredaksjonane følgde dei same redigeringsreglane, og dei bygde på manuskripta til kvarandre undervegs. Språkrådet tok stilling til talrike normeringsspørsmål i samband med ordbøkene, og sekretariatet las gjennom manuskripta før prenting. Bøkene er noko ulike i omfang: Nynorskordboka har 90 000 oppslagsord, Bokmålsordboka 65 000. Nynorskordboka vart ein del større fordi det var særleg stort behov for den, ho er den første allmennnspråklege ordboka på nynorsk. Målføreord som er kjende i minst tre fylke, vart tekne med i Nynorskordboka.

At Språkrådet skulle gje ut offisielle rettskrivingsordlister for bokmål og nynorsk, er ein tanke som har vore framme med visse mellomrom. Tanken vart realisert med Bokmålsordlista (1992) og Nynorskordlista (1996). Desse to ordlistene byggjer direkte på Bokmålsordboka og Nynorskordboka, som er lagra elektronisk. Ordlistene har med storparten av grunnorda i ordbøkene og eit utval av samansetningar. Dessutan vart det lagt vekt på å få med aktuelt ordstoff, norske og utanlandske stadnamn (mest frå Geografilista, sjå lenger ute i artikkelen), forkortingar o.a. Begge ordlistene er om lag dobbelt så store som vanlege skuleordlister, noko under 60 000 oppslagsord. Ein del av orda har stutte forklaringar. Ordlistene er lette å lese og finne fram i. På same måten som med ordbøkene vart redigeringsarbeidet gjort på Avdeling for leksikografi. Språkrådet avgjorde ein del normeringsspørsmål i samband med ordlistene og stod elles for gjennomlesing av manuskript i tillegg til delfinansiering av ordlistene.

Som del av godkjenningsordninga for lærebøker har Språkrådet ansvaret for godkjenning av ordlister til skulebruk. Omfanget av dette arbeidet varierer frå år til år; etter større rettskrivingsendringar ajourfører forlaga skuleordlistene. Å kontrollere at ordlistene følgjer gjeldande rettskriving, er det viktigaste i godkjenningsarbeidet. Eit tilsvarande arbeid har Språkrådet teke på seg med nyutgåver av Tanums store rettskrivningsordbok. Vi gjennomgår manuskriptet for å sikre at endringar i rettskrivinga er komne med, og gjev mellom anna råd om nye ord som bør takast inn.

Nyordsbok

Registrering av nye ord som kjem til i norsk, er eit arbeid som har gått føre seg i sekretariatet heile tida Språkrådet har eksistert (jf. artikkelen om nyord i dette nummeret av Språknytt). Også Norsk språknemnd registrerte nye ord. Språknytt har ei nyordsspalte i kvart nummer, og det er stoff som ofte blir sitert i pressa. Som ei frukt av nyordsarbeidet dei første åra gav Språkrådet ut Nyord i norsk 1945–1975 i 1982. Boka inneheld bortimot 8000 av dei orda vi har fått i norsk etter andre verdskrigen. Ordartiklane har tidfesting av når orda kom i bruk. Det seier seg sjølv at tidfestinga ofte må vere omtrentleg. Det er gjeve stutte definisjonar og døme på bruken. Boka har ei innleiing med oversynsstoff og ei baklengsordliste, der ord som sluttar på dei same bokstavane, står samla. Nyordsboka er ei mellomstor ordbok på 450 sider, og er den einaste større ordboka som heilt ut er utarbeidd i Språkrådet. Bokmålsordboka og Nynorskordboka kunne byggje på Nyord i norsk når det gjaldt det nyaste ordtilfanget, sidan dei kom ut fleire år seinare. Språknemndene i Sverige og Danmark gav ut tilsvarande nyordsbøker i 1980-åra, og i innsamlinga av nyord har det vore eit samarbeid innanfor Norden. Arbeidet med ei ny nyordsbok, for tidbolken 1975--2000, tek til i 1997.

Fagordbøker

Å halde oppe norsk som bruksspråk også på fagområde som er sterkt påverka av engelsk, har alltid vore ei av hjartesakene til Språkrådet. Det konkrete siktemålet er å finne fram til gode norske fagord – termar – og å unngå unødvendige framandord. I mange fag er fagspråket prega av amerikansk-engelsk. Arbeidet med fagspråk har gått føre seg på mange måtar i Språkrådet, ikkje minst gjennom granskinga av lærebøker for grunnskulen og den vidaregåande skulen. Sekretariatet har elles stått for språkleg gjennomgåing av termlister frå andre og gjeve talrike råd om fagord. I nokre fag har Språkrådet saman med andre aktørar, mellom dei Rådet for teknisk terminologi, sett i gang terminologiprosjekt som har munna ut i fagordbøker.

Det fagområdet Språkrådet har gjort størst innsats på, er nok databehandling. Norsk språkråds komité for dataterminologi vart sett ned alt i 1972. I komiteen sit både dataekspertar og språkfolk. Komiteen har utarbeidd Norsk dataordbok, som kom med første utgåva i 1976, og som sidan har vorte ajourført og utvida fleire gonger: i 1981, 1984, 1987 og 1993, og no i 1997 har sjette utgåva nettopp komme. Talet på omgrep med termar har auka frå 1100 i første utgåva til 4500 i sjette utgåva. Dataordboka har norske termar på bokmål og nynorsk med definisjonar og engelsk og svensk alfabetisk register. Nytt i sjette utgåva er at viktige franske termar er komne med.

I 1972 sette Språkrådet òg ned ein komité for marknadsføringsterminologi. Komiteen utarbeidde Norsk markedsføringsordbok, som kom i 1981. Boka har om lag 2000 norske termar frå marknadsføring og tilgrensande fagområde. Det er definisjonar til, og eit engelsk register. Der finn vi til dømes engelske ord som leasing og turnover, som framleis er mykje brukte i norsk. Tida har vist at avløysarane berre delvis har slått gjennom.

Oljeutvinninga er ei anna grein av samfunnslivet som Språkrådet har sett det som viktig å følgje med i. Språkrådet samarbeidde med Rådet for teknisk terminologi om oljeterminologi sidan midt i 1970- åra, og i 1980 kom Ordbok om petroleumsvirksomhet. Ordboka har om lag 1150 termar frå fagområda petroleumsprodukt, økonomi, jus, transport o.a. Dei to samarbeidspartnarane gav ut ei lita Oljeordliste i 1982. Ordlista har 400 oppslagsord, og ho vart spreidd i stort opplag.

Andre fag der Språkrådet har vore med som ein av fleire samarbeidspartnarar, er mellom anna elektronikk og fysikk og kjemi. For desse faga kan vi snart vente ferdige ordbøker.

Spesialordbøker

Ei nyttig spesialordbok Språkrådet har gjeve ut, er Norsk forkortingsbok frå 1976. Forkortingar og teiknsetjing er område av språket Språkrådet kan gjere endelege normeringsvedtak om, utan godkjenning frå Kulturdepartementet. Ei større forkortingsbok kom i 1997, utarbeidd av personar med tilknyting til Språkrådet gjennom mange år.

Ein annan type spesialordbok har namn som oppslagsord. Sekretariatet og fagnemnda i Språkrådet har gjennom åra lagt ned eit stort arbeid med å normere geografiske og historiske namn. I Geografilista (1991) er det komme med fleire tusen utanlandske stadnamn, medrekna namn på statar, og dessutan ein del innbyggjarnemningar. Boka har eit innleiingskapittel med allmenne reglar for skrivemåtar og uttale av slike namn. Språkrådet har òg vore med i eit nordisk samarbeid om lista Statsnavne og nationalitetsord, utgjeven av Nordisk språksekretariat i 1994, etter ei tidlegare utgåve i 1987. Ei eldre namnebok er Familienavn i Norden (1977). Boka gjev opplysningar om rett uttale av nordiske etternamn.

Nordiske ordbøker

Som eit ledd i satsinga på det nordiske språkfellesskapet har Språkrådet vore med på rettleiingsheftet Att förstå varandra i Norden (1995, etter to tidlegare utgåver). Heftet inneheld mellom anna ei dansk-norsk-svensk grunnordliste. Språkrådet har òg vore med på å utarbeide Nordisk møteordliste (Nordisk språksekretariat 1996), som er meint som eit hjelpemiddel på møte med deltakarar frå fleire nordiske land.

Det finst ein del ordbøker mellom dei nordiske språka, men det er ikkje alle språkpar som er like godt dekte med ordbøker. Språkrådet og Svenska språknämnden står i fellesskap bak Norsk-svensk ordbok (1992), som særleg er mynta på svenskar som skal lese norsk. Dette er ei stor ordbok med 54 000 ord og uttrykk. Boka legg vekt på å forklare slikt som kan vere vanskeleg for svenske brukarar. Arbeidet er gjort av ein norsk og to svenske redaktørar.

Inntrykket vårt er at ordbøkene Språkrådet har vore med på, har vore verde innsatsen. Brukarane har teke godt imot dei og hatt nytte av dei, og dei har hatt noko innverknad på fagspråk. Vi ser òg at det er stort behov for ordbøker på mange felt, men å lage ordbøker er eit ressurskrevjande arbeid.

 

-- Marit Hovdenak er førstekonsulent i Norsk språkråd. Hun har vært medlem av redaksjonen for Nynorskordboka og var hovedredaktør for Nynorskordlista.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.11.2003 | Oppdatert:26.06.2015