Leiar: Ivar Aasen og Språknytt

Dei fleste kjenner truleg til at året 1996 skal vera vigt til minnet åt Ivar Aasen, og at det i den samanhengen skal kallast Ivar Aasen-året. Høvet er at det er 100 år sidan den store målgranskaren og målreisaren døydde. Tiltaket er offisielt for så vidt som det har fått stønad, moralsk og økonomisk, av Kulturdepartementet. Norsk språkråd høyrer inn under dette departementet.

Då Norsk språkråd saman med andre institusjonar vart oppmoda av Kulturdepartementet om å markere Ivar Aasen-året på høveleg vis, gjorde styret straks vedtak om å følgje oppmodinga. Det viktigaste tiltaket med det føremålet hadde då alt vore framme i styret, og var drøft av oss som steller med Språknytt. Det var å gje ut eit temanummer om Ivar Aasen og verket hans. Redaksjonen tykte det var naturleg å opne året med det. Dette er bakgrunnen for det særskilde ved Språknytt denne gongen.

Redaksjonen tok til å planleggje emne og tenkje på mogelege forfattarar til dette nummeret sommaren 1995. Vi vende oss til nokså mange og bad dei skrive om noko vi gjerne ville ta opp. Dei som såg seg syn til å skrive, har alle levert tilskot vi gjerne ville prente. Vi kjenner oss støe på at lesarane våre også vil tykkje mon i det vi kan by fram.

Ivar Aasen var sterkt imot at det skulle gjerast krus på han sjølv. Det var norsk mål som alltid låg han på hjarta. Men det skulle vera råd å stette båe omsyna på same tid, og det er tanken at dette heftet skal gjera det. Vi vil fremja kunnskapen om norsk mål ved å kaste ljos over Ivar Aasen og det han gjorde. Ved det heidrar vi også minnet hans.

 

Kjell Venås

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.07.2004 | Oppdatert:29.06.2015