Ei halvgløymd stadnamnsamling

I 1930 vart Gustav Indrebø (1889–1942) professor i vestnorsk målføregransking ved Folkeminnesamlingi på Bergens Museum, no Nordisk institutt. Tidlegare hadde Indrebø m. a. vore styrar for Norsk Stadnamnarkiv i Oslo frå starten i 1921 til 1930, og han heldt fram som styrar då arkivet mellombels vart flytta til Bergen (fram til 1942, då han døydde).

AV ODDVAR NES

No gjekk det trått med innsamlingsarbeidet til Norsk Stadnamnarkiv, og med stønad frå Bergens Museums Forskningsfond sette Indrebø på vegner av Folkeminnesamlingi i gang ei storstila innsamling i stadnamn i 1931: Den såkalla skolebarninnsamlinga av stadnamn tok til.

Innsamling av stadnamn ved hjelp av skoleborn var ikkje noko nytt her i landet. Alt i 1920 hadde Leiv Heggstad fått i sving slikt innsamlingsarbeid på Voss og i Ulvik, og resultatet vart kring 7000 namn. I Ørsta på Sunnmøre sette presten Karl Roald i gang same typen innsamling ved hjelp av eit trykt skjema som skoleborna skulle fylle ut. Mønsteret for denne framgangsmåten ved namneinnsamlinga var henta frå Danmark.

Den store skilnaden på Indrebøs og Heggstads/Roalds opplegg er at Indrebø la opp til ei landsomfemnande innsamling med ein god organisasjon. I samarbeid med skoledirektørane vart tusenvis av skjema sende ut til skolestyra, som atter sende materiellet til dei einskilde lærarane i folkeskolane. På den måten skulle i prinsippet kvart skolebarn få eitt skjema til utfylling. Skjemaet var eit dobbeltark med trykt rettleiing. Namna skulle skrivast på dette arket slik dei lydde i målføret (altså inga normalisering), og grupperast i innangardsnamn, utmarksnamn, namn på stølar og langs støls- og ferdslevegar, namn på fjellet, langs vatn, i fjøra og på sjøen.

Indrebø prøvde opplegget sitt i 1931. Det galdt då å få fatt i stadnamna i Hordaland. Om innsamlinga det året har lndrebø fortalt: «Denne freistnaden gjekk yver all von bra. Frå mest alle bygder kom det uppskrifter. Og innsamlingi kveikte mykje interesse. Sjølvsagt fekk ein ikkje med alle namn. Det var ikkje å venta. Men ein fekk ei namne-samling som gjev eit tverrskurdbilæte av stadnamn-tilfanget i Hordaland radt utan frå havskjeri og upp til fjells. Eit verdfullt språklegt og kulturhistorisk materiale hev ein rett til å kalla det. Millom 150 og 200 tusund namn kom inn, tenkjer eg; kann henda næmare tvo hundrad tusund.»

Det gode resultatet av 1931-innsamlinga gjorde at det året etter (1932) vart sett i gang ei liknande innsamling i resten av Bjørgvin bispedøme, altså Sogn og Fjordane og Sunnmøre. I 1933 kom turen til Stavanger og Agder bispedøme, og i åra etterpå vart innsamlingsarbeidet utvida til resten av landet. Aktiviteten var størst dei første åra, og etter kvart dabba interessa av, ser det ut til. Eit stort problem var det at jamvel om det vart sendt ut store mengder skjema til utfylling, hende det jamt at det utsende materialet ikkje kom attende til instituttet. Grunnane kan vere fleire: Somme stader var det uvilje mot å gjere noko som ikkje var plikt; det vart då ikkje skrive opp noko. Andre stader vart svararka fylte ut, men svara vart liggjande hos den einskilde læraren eller i den kommunale skoleadministrasjonen. Slike utfylte svarskjema frå denne tida har instituttet motteke via dei merkelegaste kanalar. Ein del kommunar kom det ikkje svar frå ved den første innsamlinga, og i slutten av 30-talet og dei første åra etter krigen vart det sendt ut nokre tusen skjema til. Men interessa tyktest å minke, og rundt 1950 vart det slutt på den organiserte innsamlinga av stadnamn ved hjelp av skoleborn.

Materialet som kom inn til Folkeminnesamlingi ved skolebarninnsamlinga, er imponerande. I alt vart det sendt inn skjema frå ca. 9700 gardar (matrikkelnummer) frå 12 fylke; einast dei to dåverande byfylka, Hedmark, Buskerud, Akershus, Aust- og Vestfold og Finnmark er ikkje representerte i samlingane. Til saman utgjer dette materialet minst 1 million namn, trulegare nærare 1,5 million. Berre frå Hordaland og Sogn og Fjordane kom det inn 3061 skjema med om lag 300 000–350 000 namn. Av dette materialet er vel rundt 150 000 namn skrivne på kartotekkort; plassmangel har hindra ei større setelsamling. Alle skjema er plasserte heradsvis i kassettar og topografisk ordna etter gardsmatriklane for dei ymse fylka.

Desse namnelistene er nok ujamne, både med omsyn til kvalitet, mengda av innsamla namn og den topografiske fordelinga av namna innan dei fire hovudrubrikkane på kvart skjema. Når det gjeld kvaliteten, dvs. den skriftlege attgjevinga av målføreuttalen av namna, ser det ut til at beste resultatet er nådd av dei elevane som var minst støe i den offisielle rettskrivinga. Skolebarnoppskriftene har vore så ymist verdsette opp gjennom tida, men i dag, med ein stadig sterkare namnedød, ser vi på det snart 50 år gamle materialet som verdfullt kjeldetilfang. Svært viktig er oppskriftene som grunnlagsmateriale ved den nyoppskrivinga av stadnamn som Nordisk institutt har drive i mange år, med avmerking av namna på kartblada som det Økonomiske kartverket gjev ut for kvart fylke. Vi merkar også ein aukande etterspurnad etter kopiar av namneskjema. Dei som ber om slikt, er ofte folk som var med på innsamlinga.

For snart halvhundre år sidan gjorde 30 000–40 000 skoleborn den storfelde namneoppskrivinga som vi har omrødd. Komande generasjonar av både leke og lærde vil ha ei sareptakrukke å ause or.

(Språknytt 2/1975)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.10.2004 | Oppdatert:24.08.2022