Åtte potter rømme, fire merker smør – Om gammalt mål og gammal vekt

AV VELLE ESPELAND

Eit dusin er 12, men kor mange skal det til før det blir ein heil skokk og kor mykje er eigentleg eit lite grann?

I 1875 slutta Noreg seg til meterkonvensjonen, ein konvensjon om å innføre metersystemet, som byggjer på einingane meter, kilogram og liter. Då fekk vi det systemet for mål og vekt som vi har i dag. Dermed var det slutt på pund og mark, pott og pel, fot og alen. Meteren vart mælestav og grunnlaget for både lengdemål, volum og vekt. Ein kubikkdesimeter utgjer ein liter, og fyller du kubikkdesimeteren med vatn som held 4 °C, blir det eit kilogram. Det metriske systemet slo raskt igjennom, takk vere at det er så praktisk og logisk, men likevel er det ei lang rekkje omgrep frå det gamle systemet som har overlevd.

Mil og rast

La oss starte med dei lange avstandane. Mil kjem av det latinske ordet milia, som betyr «tusen». Eigentleg er det ei forkorting for milia passuum, som betyr «tusen skritt». I boka om gallarkrigen opplyser Caesar nøyaktig kor mange mil hæren hans gjekk kvar dag. Ei gruppe soldatar hadde i oppdrag å måle vegen ved å telje skritta. Den gamle romerske mila var omtrent 1,47 kilometer, men det betyr ei skrittlengd på nesten halvannan meter. Forklaringa er at dei gamle romarane rekna i dobbeltskritt. Det vil seie at dei berre talde kvar gong dei sette ned høgrefoten. Dermed blir det ei skrittlengd på ca. 70 cm, og det er eit normalt skritt for ein vaksen mann. I Noreg har vi bevart ordet mil, men bruker det for heile 10 kilometer. Grunnen er at det har vorte blanda saman med rast, eit eldre norsk ord for «eit langt vegstykke». Rast kjem av den same rota som å raste «å ta ein kvil», og er den lengda ein kan gå før ein må kvile.

Ei rast kunne altså variere etter lendet. Eigentleg er det ein fornuftig måte å dele inn vegen på. Ein kilometer i tung motbakke er subjektivt mykje lengre enn ein kilometer på flat mark. I mellomalderen vart vegen mellom Oslo og Eidsvoll rekna for 8 raster. Det skulle gje ei gjennomsnittsrast på omtrent 9 kilometer. I Finnmark møter vi den same tankegangen når dei kan oppgje kor mange kaffikok ei vegstrekning er, og på karta til Turistforeininga er lengda på ein stig oppgjeven i timar.

Det er forresten berre i Noreg og Sverige vi bruker mil om 10 kilometer. Det kjem av at den gamle norske mila hadde vorte standardisert til 36 000 fot, og det blir omtrent 11,3 kilometer, mens den svenske mila var omtrent 10,7. I Danmark var mila berre på litt over sju og ein halv kilometer, men der er heller ikkje ordet i bruk lenger.

På sjøen hadde ein naturlegvis andre mål. Eit slikt var vike sjø, på gamalnorsk víkja sjóvar, som var den lengda ein rodde mellom kvart roskift. På same måten som rast vart brukt både om veglengda og kvilestunda, vart vike også brukt både om lengda og sjølve roskiftet.

Alen og tommar

Skal ein bygge eit hus eller ein båt, treng ein heilt andre måleiningar enn når ein skal måle veg. Og det er slett ikkje sjølvsagt at målesystema treng å ha samanheng med kvarandre. Til byggearbeid har folk over heile jorda brukt dei måla ein ber med seg på kroppen: Ei alen er avstanden frå olbogen til tuppen på langfingeren, ein fot er naturlegvis lengda på foten, og ein tomme er breidda på tommelfingeren ved naglerota. Dessutan hadde vi måla spann, som er lengda mellom tuppen på tommelen og veslefingeren når ein spriker med fingrane, og famn, som er lengda mellom fingertuppane når du strekker armane rett ut til sidene. Når det var behov for finjustering, var det inga sak å dele tommen på to, fire eller åtte berre med augemål.

Eit menneske er ikkje så perfekt skapt at lengda på foten eller olbogemålet går opp i breidda på tommelfingeren. Dette treng ikkje skape problem så lenge ein mann arbeider åleine eller byggmeisteren sjølv er den som tek alle måla, men likevel har det tidleg i historia vore gjort forsøk på å skape standardmål med ei fast inndeling. Ei alen på ein vaksen mann vil vere omkring 47 cm, noko som svarer til ca. 18 tommar. Men i eldre tid har det også vore vanleg å dele ei alen i 20 tommar. Dei som målte lerret eller vadmål, brukte eit alenmål med eit handtak for enden. Når ein skulle måle, greip ein om handtaket og sette tommelen ned på tøyet for å halde det fast, og så flytta ein tommelen framom det punktet som vart markert. På denne måten fekk ein eit mål som var ein tomme lengre enn alenstikka. Dette målet vart kalla tommalen.

Måleininga fot var lite brukt i Noreg, men i 1824 vart ein norsk fot fastsett til tolv tommar eller 31,37 cm. Dette var litt lengre enn den amerikanske foot, som er på 30,48 cm. Den svenske foten var enda mindre, berre 29,69 cm. Men om du kjøper ein norsk- eller svenskprodusert «tommestokk» nå, får du amerikanske tommar.

Mål på jord

Når ein gard skal vurderast, er naturlegvis kvaliteten på jorda viktigare enn den eksakte storleiken i konkrete tal. Åker kunne bli målt etter mengda av såkorn som trongst, eller kor mye avling det kunne bli, ein kunne snakke om så og så mange tønner land. Men jorda kunne også bli delt opp i mål (av same rot som å måle) oppmålt med ei stong. Stonglengda, og dermed målet, har variert mykje i dei ulike delane av landet. Ei gammal kjelde frå Toten gjev ulik storleik på kornmål, rugmål, høymål og ertemål. Kornmålet er minst, mens ertemålet er det største. 

Pund og mark

Når det gjeld mål for volum og vekt, blir det straks meir innfløkt. Her finst det få naturlege einingar, og går vi nokre hundreår tilbake, varierer måleiningane mykje, ikkje berre frå land til land, men nesten kvar by og kvart distrikt hadde sitt eige vektsystem. Standardiserte vektlodd har først og fremst vore viktig for handel og ved betaling av skatt i naturalia, dessutan i vitskapeleg sammanheng.

Dei eldste vektene vi kjenner frå arkeologiske funn, er små skålvekter. Dei har sikkert vore brukte til å vege edelmetall, gull og sølv. Det er også typisk at dei eldste vekteiningane blir brukte som namn på myntar: pund, mark, øre og penning. Den eldste av dei er nok øre, som har fått namn etter den romerske gullmynten aureus. I folkevandringstida vog den norske øyren 27 gram og var dermed ikkje nokon liten skiljemynt. Ein øre gull må ha vore ein heil formue.

Bismarvekta var den vanlegaste vekta i Noreg. Ho var mykje enklare å lage enn skålvekta. Bismarvekta var ei stong med eit fast lodd i eine enden og ein krok i den andre. Det som skulle vegast, vart hengt i kroken, og så avgjorde ein vekta ved å finne balansepunktet ved hjelp av handtaket. På stonga var det merke som viste kor mange merker (fleirtal av ei mark) vara vog. Hokjønnsordet ei mark, med fleirtalsforma merker, og inkjekønnsordet eit merke er naturlegvis samrøtte ord, og mynteininga mark var opphavleg ei mark sylv, men minka raskt ettersom myntherrane trong meir pengar enn dei hadde sylv til.

Dei viktigaste vekteiningane var pund og mark. Pund kjem av det latinske ordet pondus, som betyr «vekt» eller «vektlodd». Ei mark var eit halvt pund. Det var greitt, men pundet kunne variere mykje frå stad til stad. I 1875 var det norske pundet standardisert til 498 gram. Det danske hadde heilt sidan 1839 vore ein halv kilo, mens det svenske var berre 425 gram. For å skilje det svenske frå det danske og norske vart det svenske ofte kalla skålpund, men dessverre vart nemninga skålpund også brukt om norske pund, for å skilje det frå det tyngre bismarpundet. Andre europeiske pund hadde anna vekt: i Preussen 468 gram, Bayern 560 gram, Austerrike 561 gram og England 454 gram. Det er dette engelske pundet amerikanarane bruker ennå. Desse tala gjeld vel å merke handelsvekt. I tillegg hadde ein pengevekt og medisinalvekt, som hadde si eiga inndeling. Pengevekt vart brukt når ein skulle vege sylv eller gull, og da stod pundet i 468 gram. Medisinalvekt vart brukt på apoteka.

Inndelinga av pundet var eit forsøk på å koordinere ei rekkje gamle vekteiningar og verkar svært innvikla og upraktisk. Når ein dertil veit at mange vareslag hadde sine eigne vekteiningar, blir det ikkje lett å få oversikt. Men her er i alle fall inndelinga av det norske pundet slik det var ved overgangen til det metriske systemet i 1875: Pundet på 498 gram kunne delast i to merker. (Merker er fleirtal av mark.) Ei mark tilsvarte altså om lag ein kvart kilo. Ei mark kunne delast i 16 lodd, som dermed blir 16 gram, og kvart lodd kunne delast i 4 kvintin. Dermed er vi nede på om lag 4 gram. Mindre einingar enn det var det få som hadde bruk for, men likevel kunne ein kvintin delast i 4 ort, ei nemning frå pengevektsystemet, som på si side kunne delast i 16 æs, som vidare kunne delast i 16 gran. Eit gran er altså på 3,8 milligram, og det går 131 072 gran på eit pund. Ordet gran kjem sikkert av latinsk granum, som betyr «korn». Som eg nemnde, var pundloddet lettare i pengevekt, og eit gran på denne skalaen blir berre 3,6 milligram. Apotekarane, som brukte medisinalvekt, opererte med såkalla nürenberggran, som vog heile 62 milligram og var 1/20 av ein scrupel.

Bismarpund og våg

Ved handel var det også behov for større måleiningar enn pundet. 12 pund kunne bli kalla bismarpund, som tilsvarer om lag 6 kilo. Ordet lispund skal vere ei forkorting av livlandsk pund, eit slikt pund dei brukte i Riga. Det norske lispundet var på 16 pund, altså om lag 8 kilo. For å illustrere vanskane for internasjonal handel kan vi nemne at det svenske lispundet var på 20 pund, men sidan det svenske pundet berre var på ca. 425 gram, vart det svenske lispundet likevel berre ein halv kilo tyngre enn det norske. Eit skippund, ei vekteining som særleg vart brukt om skipslast, var også varierande, men i Noreg var det vanlegvis rekna som 20 lispund eller 320 pund. Omrekna til metrisk vekt blir det oppunder 160 kilo.

Mange varer hadde eigne mål. Smør var ei viktig handelsvare, og normalmålet for smør var ein laup. Smørlaupen vart rekna til tre bismarpund, som svarer til om lag 18 kilo.

Våg er ei gammal eining som har variert ein del. På Vestlandet og i Nord-Noreg vart våg helst brukt når dei skulle vege fisk. Da var våga rekna til 90 merker, som blir om lag 23 kilo. På Austlandet var våga ein åttedel av eit skippund, som blir om lag 20 kilo, men i dei offisielle tabellane frå 1875 vart våga rekna som tre bismarpund, om lag 18 kilo.

I eventyret om den kjempesterke Mumle Gåsegg blir det fortalt at han fekk smeden til å lage ei øks av 15 våger jern. Det skulle bli oppunder 300 kilo, retteleg ei øks for ein kjempekar.

Pott og pel

Mål for volum, holmål, var ikkje meir strukturerte enn vekt, men det er færre einingar å halde greie på. Pott og pel var dei viktigaste. Også her gjaldt det at måla varierte frå distrikt til distrikt, dessutan hadde ølbryggarane eit anna pelmål enn vintapparane.

I 1875 var den norske pott på 0,9651 liter. Den danske potten var omtrent det same, men i Frankrike hadde dei hatt ein pott på heile 1,8 liter, og i fransktalande område i Sveits var han på 1,5 liter. Kjerringa med staven, høgt oppi Hakadalen, hadde åtte potter rømme, og av det fekk ho fire merker smør. Eg veit ikkje nok om feittinnhaldet i mjølka på 1800-talet, men eg vil tru at ein kilo smør av åtte liter rømme var imponerande. Ein pott kan også kallast ei halvkanne, og det fortel oss at ei kanne som målebeger var på ca. to liter.

Ein pel var ein kvart pott og tilsvarer i praksis ein kvart liter. Ordet pel skal opphavleg ha vore brukt om merke på innsida av eit kar, men har så komme til å bety mengda av væske mellom desse merka. Eit gammalt uttrykk å drikke til pels betyr at kvar drikk ned til neste merke, og dermed får like mykje.

Ei skjeppe var 18 potter eller ein åttedel av ei tønne. Målet skjeppe har i nyare tid også vore brukt for å måle fisk, men da vart det rekna som ein femdel av ein hektoliter, altså 20 liter. Når det galdt sild og brisling, var likevel skjeppa rekna som 17 liter. 

Sneis og skokk

I vår tid skal nesten alle handelsvarer på vekta, men i gamle dagar vart langt fleire varer selde stykkevis. Minne om dette har vi i ein del mengdeord. Sjølv om egg nå blir selde i pakker på seks, er det mange som veit at eit sneis er «tjue egg». Ordet betydde opphavleg «tynn kvist eller grein». På ein kornstaur var det vanleg å setje tjue nek, og det vart eit sneis nek. Trær du fisk inn på ein kvist, får du ei hank eller eit sneis fisk. Tre sneis er ein skokk, men nå blir dette ordet berre brukt om ei noko uspesifisert mengd.

Opphavleg var meteren definert som ein timilliondel av ein meridian frå pol til ekvator langs havoverflata. Definisjonen har vorte endra fleire gonger, men den som no gjeld, seier at ein meter er den avstanden lyset går på ein 299 792 458-del av eit sekund i tomt rom. Dermed er metersystemet også vorte knytt til tidsrekninga. Den gamle definisjonen med jordmeridianen var nok teoretisk, men likevel forståeleg. Den nye kan vi akseptere, men ikkje forstå. Meteren er utan referanse til noko menneskeleg og er komen så langt frå dei gamle måla rast, alen og tomme som det går an.

 

-- Velle Espeland er folkeminnegranskar og dagleg leiar for Norsk visearkiv.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.11.2006 | Oppdatert:08.01.2020