Samisk og kvensk i Noreg etter 1905

AV TROND TROSTERUD

Ingen stader i Noreg var fleirspråklegheit så utbreidd på 1800-talet som i Troms og Finnmark. Samar utanfor indre Finnmark var to- og trespråklege, kvenane var tospråklege (som regel i finsk og norsk), i Nord-Troms var over halvparten trespråklege. I dei områda der kvenar eller samar var i fleirtal, var også nordmenn fleirspråklege, særleg i Nord-Troms og Alta, men også i Varanger.

I dag, over eit hundreår seinare, er situasjonen drastisk endra. Viss vi ser bort ifrå indre Finnmark, førte ein aktiv fornorskingspolitikk til ei omlegging frå fleirspråklegheit til einspråklegheit. Etter eit par døme på konsekvensane av fornorskingspolitikken skal vi sjå på korleis samane og kvenane møtte denne politikken.

Den norske politikken

Språkleg innebar ikkje sjølvstendet i 1905 noko positivt for kvenane og samane. Den gamle, kyrkjedominerte politikken med bruk av samisk og kvensk i konfirmasjonsundervisninga vart erstatta med ein politikk der det var viktigare å lære ungane norsk enn å lære dei evangelia. Denne politikken er velkjend. Tre døme kan illustrere kor langt staten gjekk.

Jordsalgsloven, lov av 22. mai 1902 om avhendelse av og bortforpaktning av Statens jord i Finnmark, § 1c, sa at «Avhendelse må kun skje til norske statsborgere – som kan tale, læse og skrive det norske sprog og benytte dette til daglig bruk». Denne paragrafen innebar sjølvsagt ei grov krenking av rettane til samane og kvenane.

NRK vart oppretta i 1933. Allereie året etter vart den første NRK-bygde radiosendaren utanfor Oslo opna – og det i Vadsø. Etter oppfordring frå Forsvaret delte NRK ut 50 radioapparat gratis til samar og kvenar i grensestroka mot Finland, så det er ikkje tvil om kva motiva bak denne radiosatsinga var. NRK-soga viser også ein skilnad i politikken andsynes samar og kvenar: Sendingar på samisk vart ikkje sett i gang før i 1946, m.a. fordi NRK-leiinga frykta at kvenane ville krevje sendingar på finsk viss samane fekk sendingar på samisk. Først i 1970 kom det sendingar på finsk i NRK, men dei var, og er, svært korte.

I Finnmark vart det satsa på bygging av skoleinternat, store skoleinstitusjonar der sjuåringane budde isolert frå foreldra sine, og med forbod mot å snakke samisk eller finsk, både i skoletida og i friminutta og på kveldstid. Brot på forbodet vart straffa, i verste fall med juling. Undervisninga var berre på norsk. Det første statlege internatet i Finnmark, Strand internat i Sør-Varanger, vart oppretta nett i 1905, og fram til 1940 vart det bygd til saman 50 slike internat i Finnmark. Ingen andre fylke fekk så store løyvingar til skolebygg, og på ingen andre sektorar fekk Finnmark så store delar av dei statlege løyvingane som her.

Resultata av språkpolitikken andsynes kvenar og samar er velkjende: Heile generasjonar av samar og kvenar har fått skolegang på eit språk dei ikkje har forstått, dei har ikkje lært å lese og skrive sitt eige morsmål, og overgangen til norsk har nokre stader vore så brå at dei fornorska generasjonane i mange tilfelle rett og slett har vore avskore frå å kommunisere med sine eigne besteforeldre.

Samisk

Samane i Noreg organiserte seg først i det sørsamiske området, frå 1906 og i tiåra framover. Organiseringa vart hemma av at norske «samevener» aktivt gjekk inn og fungerte som møteleiarar i kraft av posisjonen sin i samfunnet, for dermed å kontrollere den samiske organiserte rørsla. Fokuset var på næringspolitikk, det var her dei sterkaste konfliktane mellom samar og nordmenn stod. Seinare kravde sørsamane eigne skolar for ungane sine, og fekk det: Sameskolen i Hattfjelldal i 1951 og internatskolen på Snåsa i 1968. Sjølv om desse skolane fungerte på norsk, fekk dei likevel etter kvart undervisning i sørsamisk nokre timar i veka, og i og med at dei var oppretta som reine sameskolar, kom dei til å fungere som identitetsskapande institusjonar, til skilnad frå internatskolane i nord.

Den kulturelle og språklege motstanden mot fornorskinga var sterkast i nord, der Anders Larsen og Isak Saba like før førre hundreårsskiftet hadde gått på Tromsø Seminar og vorte påverka av ideologien til den frilynte ungdomsrørsla. Anders Larsen gav ut ei samisk avis, Sagai Muittalægje, frå 1904 til 1911, der han skreiv om politiske og kulturelle spørsmål. Isak Saba vart vald inn på Stortinget i 1906, som den første samen, og første arbeidarpartimannen. I 1924 fekk ein annan samisk pioner, Per Fokstad, Finnmark Arbeiderparti med på eit samiske program som kravde ein samisk læreplan, med samisk som undervisningsspråk i alle andre fag enn norsk. Planen kravde også oppheving av lova frå 1902, som sette norsk daglegspråk som krav for å få kjøpe jord i Finnmark.

Skolepolitikken den neste mannsalderen var så langt frå dette programmet som mogleg, med forbod mot å bruke samisk språk på skolane i det heile. Først i 1959 vart det opna for at det Etter avgjerd frå departementet kan (…) nyttast samisk som opplæringsmål i skulen. Denne avgjerda skulle sitje langt inne, undervisning i samisk eit par timar i veka kom i gang i Karasjok og Kautokeino først i 1967. Så seint som i 1985, fleire år etter Alta-saka, fekk grunnskolelovas § 40 dette tillegget: Barn i samiske distrikter skal få undervisning i eller på samisk på barnetrinnet. Eleven velger selv om han/hun vil ha samisk som fag på ungdomstrinnet. Dermed var det opna for undervisning på morsmålet også for det samiske folket.

Det er opplagt at Alta-saka, den sterke samiske mobiliseringa mot utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget og diskusjonen rundt norsk politikk andsynes samane også fekk konsekvensar for samisken si stilling. I kor stor grad Alta-saka kan forklare heile omlegginga, er meir usikkert: Sjølv om tiltaka for samisk på 60-talet var små samanlikna med det som kom 20–30 år seinare, var det likevel eit brot med ein politikk som gjekk ut på å kvitte seg med samisk. Generasjonen av utdanna samisk ungdom som utdanningsrevolusjonen produserte, var også viktig: No kunne samane sjølv styre sine eigne organisasjonar og saker, utan dei vanskane pionerane frå 1906 hadde støytt på. Ei anna sak som har verka inn, er rettskrivingsendringane i nordsamisk i 1948 og 1979. Den første førte til felles ortografi for nordsamisk i Noreg og Sverige, den andre førte til ein sams ortografi for Noreg, Sverige og Finland. 1948-rettskrivinga vart lite brukt i og med at samisk i praksis var forbode som bruksspråk. På det eine domenet der samisk vart brukt, i lågkyrkjeleg samanheng, som t.d. i Finnemisjonens blad Nuorttanaste, vart 1948- rettskrivinga ikkje tatt i bruk, og Bibel og salmebok ligg framleis føre berre i 1887-rettskrivinga til Friis. For dei som gjekk på skole eller studerte samisk i perioden frå 1967 og fram til innpå åttitalet, representerte 1979-ortografien eit steg attende, dei måtte setje seg ned og lære å lese og skrive på nytt. På den positive sida tel at no var det mogleg å bruke same skriftlege materiale i alle dei tre landa. Særleg i kommunikasjon mellom norsk/svensk og finsk side var samisk i praksis einaste lingua franca.

Lulesamisk fekk skriftspråket sitt eit par år etter nordsamisk. I utgangspunktet var det vilje til å la den lulesamiske ortografien følgje dei same prinsippa som nordsamisk, for å gjere det lettare å lese tekstar på to grannespråk som skil seg lite frå kvarandre. Denne politikken vart det ikkje gjennomslag for, og i dag står lulesamisk fram som eit språk som ser ut som om det skil seg sterkt frå nordsamisk men som høyrest svært likt ut.

Framleis er det mykje ugjort i samisk språkpolitikk. Dei første tiåra med samisk i skolen har vore prega av mangel på undervisningsopplegg og lærebøker. Enno er ikkje samiske utgåver av lærebøker i alle fag i ungdomsskolen på plass. Undervisning i samisk som andrespråk er viktig for å lære innvandrarane i Sápmi samisk og dermed gjere det mogleg å snakke samisk også i forsamlingar der det er nordmenn til stades. Det er først dei siste åra dette har tatt til å fungere.

Den første generasjonen med skolegang på samisk attom seg er no på veg inn i nøkkelstillingar. Fleire grunnleggjande verkty for den nye språkpolitikken manglar: Det finst for få grammatikkar og ordbøker (t.d. ingen ordbøker mellom samisk og engelsk). Framleis er det umogleg å gje ungane eit samisk namn som Máret (med á) og få det ført inn i folkeregisteret. Trass i ein grunnlovsparagraf som seier at staten skal leggje til rette for bruk av samisk, har ikkje Skattedirektoratet gått med på å ta i bruk samiske bokstavar i basane sine.

Nordsamisk kjem til å bli svekt i kystområda dei næraste tiåra. I mange område der samisk dominerte for hundre år sidan, er det no berre folk over 50 år som snakkar samisk. I kjerneområda går talet på samisktalande fram, men ikkje nok til å kompensere for det kommande tapet av den eldre generasjonen i randsona for samisk. For sørsamisk stiller saka seg litt annleis. Her har språksamfunnet allereie vore igjennom den store fornorskingsprosessen, og det er revitaliseringsprosessen som dominerer. Den staden i Snåsa der det er best vilkår for å snakke samisk, er i barnehagen.

Kvensk

Av politiske grunnar stod kvensk i ei enno svakare stilling enn samisk i den strengaste fornorskingsperioden. Frå å vere velkomne som nyryddarar i Finnmark på 1800-talet vart kvenar etter at Finland vart sjølvstendig, sett på som ein tryggingspolitisk risiko for Noreg, og handsama deretter. Så seint som tidleg på 70-talet fekk kvenske ungar med seg karakterbok med merknad frå læraren om at «det blir snakka for mykje finsk med Per i heimen». Kunnskap i finsk vart aldri rekna som noko, og då Høgskolen i Finnmark vart oppretta og fekk finsk som fag, skjedde dette med sterk motstand frå rektor, som heller ville ha fransk som studietilbod.

Finsksendinga viste seg å vere svært viktig. Ho har aldri vore nokon stor del av NRK sitt tilbod, trass i at ho var svært populær da ho starta. På slutten av nittitalet gjekk sendetida ned frå 15 til 12 minutt i veka.

Nyinnvandringa av finnar frå 1970-talet var ein viktig inspirasjon for kvenane. Dei nye innvandrarane såg seg som del av ein kontinuerleg finsk immigrasjon. Avisa til Vardø finskforening og seinare Norsk finskforbund, som kom ut i tidsrommet 1981–2002, heitte t.d. i byrjinga Uuskveeni, ’Nykvenen’. Den organiserte rørsla vart fleire stader drege i gang av folk som hadde innvandra til Noreg etter at Finland vart sjølvstendig i 1917, og som dermed kom med ein respekt for eige språk og kultur såpass grunnfesta at dei ikkje godtok den norske assimileringspolitikken. Dei siste ni åra har det komme ut ei kvensk avis i Tromsø, Ruijan Kaiku («Klangen frå Finnmark»).

Ei viktig endring i den norske politikken var innføringa av finsk som andrespråk i skolen i dei tre nordlegaste fylka, frå 1996. Denne endringa kom etter hardt politisk arbeid frå Norske Kveners Forbund, der den avgjerande faktoren var at dei la vekt på kvenane sin status som nasjonal minoritet. I dag er det i hele landet omtrent like mange elevar med kvensk/finsk som andrespråk som det er elevar med samisk som førstespråk (1 030 elevar med finsk som andrespråk vs. 1 021 elevar med samisk som førstespråk, og 913 med samisk som andrespråk) (http:// www.wis.no/gsi/).

Framtidsperspektiv

Talet på dei som talar nordsamisk, kjem til å gå kraftig ned dei neste tiåra, kanskje så mykje som frå 20 000 til 12 000. Grunnen til det er rett og slett at samisk i store delar av det samiske området berre blir snakka av den eldre generasjonen. I dei samiske kommunane fører revitaliseringa til at samisk står sterkare i den yngste generasjonen enn i mellomgenerasjonen, men altså langt svakare enn den stillinga samisk har i den eldre generasjonen. Med mindre det skjer store endringar i nær framtid, vil nordsamisk vere over bølgjedalen om ca. ein generasjon, i eit mindre, men meir konsolidert område enn i dag.

Når det gjeld sørsamisk, er situasjonen ein annan. Her har nedgangen allereie komme, og dei som no snakkar sørsamisk, gjer det ikkje i språksamfunn der fornorskingspolitikken enno ikkje har slått inn, men i språksamfunn som har komme over fornorskingspolitikken.

Lulesamisk blir i Noreg snakka i eit konsentrert område i Tysfjord kommune. Her skjedde det eit språkskifte på midten av sekstitalet, men frå og med midten av nittitalet har lulesamiske foreldre drive ein aktiv revitaliseringsprosess, slik at lulesamisk no er talespråk i barnehagen og i mange heimar. Det er for tidleg å seie om denne trenden vil halde seg, og det er òg usikkert om det har vore eit klokt val å leggje skriftspråket så langt frå nordsamisk.

Kvensk står i ein litt annan situasjon enn samisk. Fornorskingspolitikken har vore hardare, og i Bugøynes, der kvensk står sterkast, skjedde det kollektive språkskiftet til norsk hos den generasjonen som er fødd på byrjinga av 70-talet. På den andre sida er kontakten med Finland betre enn på lenge, og kombinert med ein meir positiv språkpolitikk kan det hende vi får sjå ei sterkare revitalisering av kvensk også.

Sett i eit internasjonalt perspektiv er revitaliseringa av dei norske minoritetsspråka svært interessant. I ein situasjon der over halvparten av språka i verda ser ut til å forsvinne, treng vi positive erfaringar med språkleg revitalisering som vi kan lære av. Viss hundreårsjubileet for unionsoppløysinga kan markere eit sterkare framhald av den nye politikken frå dei siste tiåra før det siste hundreårsskiftet, har vi tatt opp arven frå 1905, men denne gongen på ein positiv måte.

 

-- Trond Trosterud er doktorgradsstipendiat i lingvistikk ved Universitetet i Tromsø.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.06.2005 | Oppdatert:15.06.2015