Arne Garborg om 1905

Knudaheibakken, 9.6.05

– Stor glede vart det her, som visst all stad i landet, då trådbodi kom, at unionen er avliden. Ufred er det ingin som kann tru på.

Mange er det som takkar Vårherre, for di dei hev fengi liva denne dagen; og gjenom heile folket gløder visst no det ynskje: gjev me rett kunde få nytte denne nåde-stund!

Eg for min part tenkte fysst på Sveits; gjev me kunde få ein fristat som den Sveits hev! Eg hadde nettupp lesi um riksskipnaden i Sveits (i «Stavanger Avis»); dette vesle landet hev det greidaste og vitugaste riksstell i Europa. Det er eit riksstell som kunde høve serskilt godt åt oss. Regjeringi – 7 mann høg – vert der beintfram vald av storthinget. Like eins vel storthinget ein av desse same 7 riksrådane til riksformann (præsident). So er det kje meir. Det gjeng so lett og greidt, at det er knapt so vidt bladi legg merke til det.

Billegt er dette riksstyret au. Kvar riksråd hev 12,000 frank (8640 kr.) um året; den av deim som er riksforstandar, hev dertil eit tillegg på 1500 frank (1100 kr.) um året. Aldri dusti meir. Det er so du knapt kann tru det. So vitugt og modigt kann andre stelle seg!

Thinget i Sveits er visst og mykje billegare enn vårt. Vel hev kvart fylke (kanton) sitt thing; men sjølve landsthinget kann ikkje koste so svært mykje. For alle vigtige spørsmål vert i Sveits avgjorde gjenom folke-avrøysting (referendum); då trengst det ikkje so mange stortalarar. Saki vert utgreidd for folket på rimeleg vis; folket svarar med røystesetlar ja eller nei; dermed er saki avgjord.

Soleis steller det rike Sveits seg. Um me med våre 300 millionar kronur i riksskuld kunde styra våre stakkars 2 millionar menneskje med likso lite bråk!

– Men me kann vel ikkje vente slikt enno.

Me er kje so frie at me kann «gjera som me vil» heller. Der er so mange andre me lyt tenkje på. Der er storsvensken; der er Bernadottane. Og der er den; og der er den. Og ufred vil me inkje våge. Det er i riksstyringi som i lækjekunsten: knivsbruk er kje lovlegt, utan når det gjeld helsa eller livet.

Me fær vera fornøgde med eit framstig um gongen, og glade og takksame til. Sjølve Rom vart ikkje bygd på ein dag. Etter det storverket som thinget hev gjort, trur me at det no gjer alt som der er råd med å få fram denne gongen. At storsvensken skulde gjera stort meir krangel no, kann me ikkje tru, serleg um den norske kruna vert verande i Bernadotte-ætti, og um det vert forsvarssamfeste millom «broderlandi». Voni um, at me endeleg ein gong skal få arbeidsfred, er so stor, at mot den vert alt anna lite, so nær som live og fridomen då.

Ei lang, god arbeids-ykt, – det er det landet no treng. Gjev den må koma no; og gjev ho må verte vel nytta!

Republik – kongedøme

Strid um fristat eller kongedøme er det ikkje tid til no; difor segjer jamvel eg, at me bør taka ein konge, um me dermed kann sleppe det som verre er.

Men fristatsmann fær ein vel hava lov til å vera i dette frie landet? Og hava lov til å segja at ein er dat au? Og til jamvel å ynskje fristat, – t.d. ein fristat som den sveitsiske, heller enn eit meir eller mindre dyrt og meir eller mindre framandt kongedøme? – Ein må hava lov til so mykje i det frie Norig, liksom ein hev lov til å ynskje, og segja at ein ynskjer, kongedøme.

Namnet på den kongen som me kannhennde fær, var det verdt å bli uvenir um det enno, tru? – Lat det ikkje gange med oss som med gjenta, som gløymde å koma med øl til friaren sin, av di ho fyrst vilde finne ut kva det fyrste skulde heite!

 

Arne Garborg: Artikler og essays 1891–1923. Aschehoug 2001

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.06.2005 | Oppdatert:15.06.2015