Språk på nett

Sprog på spil

I september kom den danske språkutgreiinga Sprog på spil. Dansk språk skal styrkjast dels gjennom eksisterande tiltak, dels gjennom nye initiativ. Utgreiinga dannar grunnlag for den danske regjeringa si språkpolitiske melding til Folketinget i haust. Rapporten kan ein lese her: http://www.kum.dk/sw6567.asp

Mål i mun

Den svenske utgreiinga Mål i mun, som vart lagd fram i fjor, har vore til høyring. Utgreiinga og høyringsfråsegnene ligg her: https://www.regeringen.se/rattsliga-dokument/statens-offentliga-utredningar/2002/04/sou-200227/

Ny finsk språklov

Finland får ny språklov frå 1. januar 2004. Lova skal tryggje rettane til både finskspråklege og svenskspråklege finnar, og erstattar lova frå 1922. Den nye språklova regulerer styresmaktene sin bruk av finsk og svensk, har reglar for bruken av svensk og finsk i domstolane, og reglar for språkbruk på skilt, trafikkskilt og i stadnamn. Omtale av lova: http://www.om.fi/14624.htm

Det koloniale språkhierarkiet

Makt- og demokratiutgreiinga la fram hovudrapporten sin i slutten av august. Kapittel 10 handlar om språk i Noreg og har tittelen «Det koloniale språkhierarkiet». NOU-en finn ein på ODIN under Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.08.2004 | Oppdatert:13.04.2021