Det var noko til bok

AV JOSTEIN STOKKELAND

Gamlelensmannen i heimbygda mi nytta Juridisk Ordliste (bokmål– nynorsk) av jussprofessoren Nikolaus Gjelsvik. Nyelensmannen i heimbygda mi kjem sikkert til å nytta Juridisk og administrativ ordliste av høgsterettsdommar Karl Arne Utgård. Lensmannen vinn på å gjera det.

Då denne nye boka kom ut hausten 2002, var det ei viktig hending i soga om det norske rettsmålet. Gjelsvikboka kom i 1929 og var i si tid eit nybrotsverk i Norderlanda. All seinare rådgjeving i norsk lovmål byggjer i hovudsak på arbeidet til Gjelsvik. Me ser det såleis i rettleiingsheftet Lovlig språk, som Finn-Erik Vinje laga for Justisdepartementet (1990 og 1995), og i mange andre bøker og utgreiingar.

Etter som åra gjekk, vart det trong for meir ajourførde hjelpemiddel. Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo gav i 1975 ut Juridisk ordliste av Asgeir Olden, eit hefte som har vore godt å ta til for mange. Magne Rommetveit har hjelpt mange med ordbøkene På godt norsk og Med andre ord, som mellom anna inneheld mykje juridiskadministrativt stoff.

No er Utgård på sin måte ein nybrotsmann. Han kjenner samfunnet i dag og har valt ut ord og uttrykk som det er bruk for i saksførehaving, i rettsstellet og i mange andre samanhengar både offentleg og privat. Journalistar og omsetjarar er mellom dei som treng ei slik bok. Lat oss gå henne etter i saumane.

Teknisk saumfaring

Innleiingsdelen er enkel og instruktiv. Nøkkelen (bruksforklaringa) som står framme og bak, gjer sitt til at dette er ei lettbrukt og lettskjønleg bok. Sideoppsettet og dei typografiske verkemidla er tenlege. Den som set seg inn i det som står i innleiinga, lærer grunnlaget for korleis ein skal bruka ei slik liste. Det som står om EØS- og EU-språk, menneskerettskonvensjon og menneskerettsdomstol, er verdfull opplysning for mange.

Ein vanske i ordbøker som går til nynorsk, er å få fram på ein god måte korleis me brukar verb, aktiv seiemåte og mange adjektiv når utgangsspråket ofte har substantiv, passiv uttrykksmåte og upersonleg framstilling. Dersom ordboka berre fortel kva som formelt er i orden, kan resultatet bli eit slags bokmål med nynorskfarge på kanten. Av di skriftleg språkbruk er innlærd vane, greier mange ikkje å snu tankegangen og skriva annleis enn det dei er opptamde i. I ei nynorskavis las eg nyss at me må «utvise intellektuell openheit». Eg vil no helst vera intellektuelt open. Å gje rettleiing om god målføring tek stor plass og er difor eit praktisk problem i ei ordbok.

Forfattaren av denne ordlista har valt ei tilvisingsløysing som eg har stor sans for. Dei viktigaste opplysningane om eit ord kan stå under verbet, og under substantivet viser han så til verbet. Ut frå det kan lesaren sjølv finna fram til det beste ordvalet eller den beste ordleggingsmåten. Eit døme på det: Når me slår opp på undersøkelse, blir me viste til verbet undersøke. Det sparar plass. Eit tilsvarande døme er bestalling. Den som slår opp på det, finn bestallingsbrev og så ei tilvising til verbet bestalle, som har ei enkel og god forklåring. Dette har lite med hestehald å gjera, berre så det er sagt.

Litt småplukk

Forfattaren nyttar forkortinga m.v. Den rette skrivemåten er mv., men aller best var det om heile denne avstyttinga var utestengd. Det er nok å velja i: o.a., o.l., osb. og fleire andre. Med videre er liksom merket på byråkratspråk. At staten skal ha liten s, ser ut til å vera gløymt, og lovavdelinga i Justisdepartementet skal ha liten førebokstav – slik som andre avdelingar i dette land. Kortformene av namn på lover skal etter reglane ha både nynorskform og bokmålsform. Eit døme på det er ureiningslova, som på bokmål har kortforma forurensningsloven.

Saumfaring av innhaldet

Dette er altså ei ordbok frå bokmål til nynorsk, dessutan kan mange òg finna hjelp til å skriva betre bokmål. Men lat oss no snu tankegangen ein augneblink. Ovanfor har eg skrive at eg ville gå denne boka etter i saumane, og så har eg nytta saumfaring i to mellomoverskrifter. Kva heiter saumfaring på bokmål? Kanskje du med det eine dømet ser at me òg treng ei ordbok frå nynorsk til bokmål. Kvart språk har sine særkjenne, sine sterke og veike sider, og dei kjem godt fram i slike ordbøker mellom nærståande språk.

Noko av det beste og nyttigaste som lyser mot meg frå desse sidene, er den juridiske fagkunnskapen saman med røynsla frå det verkelege livet. Endeleg er det ein som evnar å hjelpa oss meir urøynde så me kan skilja mellom nærskylde omgrep og skjøna noko av korleis orda skal brukast. Artikkelen anmeldelse er skulegod på den måten. Det finst mange andre, t.d. herlighet. Der lærde eg nytt. Oppslagsordet ansettelse kan gje grunn for somme til å seia: «Aha. Dette er noko til bok.» Her står mykje av det som du sjølv ikkje heilt kjem på. Enkle forklåringar leier deg på trygg veg. Boka stadfestar at overenskomst kan vera heilt det same som avtale. Forpliktelse og skyldnad får enkel og god forklåring.

Ein attåtverknad (bokmål bivirkning) som forfattaren nok ikkje hadde tenkt seg, er at brukaren gjennom denne boka kan missa litt av den store respekten for det formelle bokmålet. Sjå her: «Selgeren skal levere vare med avtalt godhet.» Skal eg lita på det gode i seljarar? Vil den lærde dommaren ha meg opp i eit uføre? Du får slå opp på godhet og sjå, du godlyndte lesar.

Eit godt døme på framstillingsmåten i denne boka er oppslagsordet ærverdig. Der er det presis informasjon på få liner. I det heile har Utgård tenkt praktisk, så boka har stor nytteverdi, endå såpass lita ho er. Sjølv kunne eg ha tenkt meg ei dobbelt så stor bok, minst. Men for mange brukarar kan det vera at dette vesle formatet alt i alt er det beste. Då er ho lett å ta til.

Innvendingar

Mi hovudinnvending er at forfattaren kunne ha rive seg endå tydelegare laus frå det bokmålske mønsteret. Eg ville ha vore strengare. Bokmålsopplærde folk heng fast i substantivet, medan nynorskingar brukar adjektiv så sant det let seg gjera. I innleiinga skriv Utgård at det er grunn til å «vise varsemd» med sin-genitiven, og det har han plent rett i. Men det var betre om han hadde hoppa over heile varsemda og skrive at me vera varsame.

Tilsvarande er det berrsynt at passiven og den upersonlege skrivemåten herjar bokmålsfolket. Dei klarer i praksis ikkje å tenkja bort bruken av dei usamansette formene skrives, sendes, hentes, betales osb., og mange nynorskfolk er smitta av denne sjuken. Av innleiinga går det fram at Utgård fullt ut ser dette, og han åtvarar mot slik passiv. Kanskje det i tillegg skulle ha vore med ei lita åtvaring mot omskrivingar med blir (vert). Det har lett for å bli for mange av dei når folk omset mekanisk.

I omtalen av passivformer har Utgård gløymt å ta med at presens og imperativ aktiv er gode alternativ. Døme: I staden for «søknaden skal sendast» kan me skriva slik: «Send søknaden …» eller «Søknad sender du …»

Somme stader ynskjer eg at Utgård hadde vore meir gjelsviksk i tankegangen. Med det meiner eg meir djervt vågande og styrande (normerande). Sidan han truleg er den her i landet som kan mest om emnet, kunne han ha teke på seg å vera språkstyrar, litt meir diktator. At han kan tenkja seg overeinskomst, skjønar eg ikkje. Så langt eg kan sjå, er bokmål overenskomst eit jålut ord for avtale. I blandingsforma overeinskomst ligg det inga målreising eller nyskaping. Eg skulle ha ynskt at Utgård ikkje hadde teke med det ordet.

Artikkelen om (kongeleg) høyhet er ein god artikkel, men Utgård har vel ikkje vore klår over at Språkrådet har ei liste med nynorske avløysarnemningar («Titlar på norske kongelege», Språknytt nr. 2/1991). Dei nemningane skulle ha vore med her.

Sluttord

Denne boka er sjølve saksbehandlarboka for folk i stat og kommune og for dei mange andre som treng slik ordhjelp i samfunnet i dag. Eg ser fram til at Samlaget bed Utgård laga ei utgåve med fire gonger så mykje stoff. Og kanskje den dagen då kjem – som eit resultatet av det Utgård har gjort – at Noregs Høgsterett sjølv lyder lovene i landet og set også sitt nynorske namn ved inngangsdøra. Etter lov om målbruk i statstenesta skulle dei vel ha plikt til det.

Karl Arne Utgård:
Juridisk og administrativ ordliste, bokmål–nynorsk.
Det Norske Samlaget (Oslo, 2002)
109 sider. 248 kr

 

-- Jostein Stokkeland er rådgiver i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.06.2004 | Oppdatert:16.06.2015