Lærebokgransking

Språkleg gransking av godkjenningspliktige lærebøker var ei fast arbeidsoppgåve for Norsk språkråd, slik det hadde vore for Norsk språknemnd.

Noreg er eit av få land som har hatt ei godkjenningsordning for lærebøker. Alt i folkeskolelova av 1889 var det ein regel om godkjenning av lærebøker, og den høgare allmennskolen fekk si godkjenningsordning i 1896. Godkjenningsplikta gjaldt først berre kristendomsbøker, men vart seinare utvida gjennom lover og forskrifter.

Før Språknemnda vart oppretta, var det faste konsulentar, såkalla rettskrivingssakkunnige, som gjorde dette arbeidet, men med Språknemnda kom arbeidet inn i fastare former.

Godkjenningsordninga

Den offentlege godkjenningsordninga for lærebøker skulle sørgje for at lærebøkene formidla kunnskap som var fagleg korrekt og i ei språkform som var i tråd med gjeldande reglar, tilpassa det klassetrinnet bøkene var berekna for. Ordninga skulle vidare sikre at lærebøkene fremja dei overordna måla som var fastslått i formålsparagrafane i skolelovene og var nærmare utdjupa i dei generelle delane av læreplanane og undervisningsplanane for kvart fag.

Innanfor godkjenningsordninga var Språknemnda og Norsk språkråd rådgjevande organ for departementet.

Godkjenningsordninga var heimla i skolelovene. I folkeskolelova av 1959 paragraf 35 heiter det: «Departementet skal godkjenna dei lærebøker som blir nytta i skolen.» Den første tida var det ikkje detaljerte reglar for korleis godkjenningsordninga skulle praktiserast. Reglane for godkjenning vart skisserte i St.meld. nr. 35 (1957) Om lærebøkene i skoleverket. På grunnlag av stortingsmeldinga og stortingsdebatten vart dei første godkjenningsreglane fastsette ved kronprinsregentens resolusjon av 19. oktober 1962.

Godkjenningsreglane frå 1962 sa at lærebøkene skulle granskast av éin fagkonsulent, éin språkkonsulent (eventuelt to) og éin pedagogisk konsulent. Kristendomsbøker skulle i tillegg granskast av tre teologisk sakkunnige. Norsk språkråd stod for den språklege granskinga, dei sakkunnige skoleråda for den faglege og pedagogiske. Noko seinare kom det inn at ein likestillingskonsulent skulle uttale seg om alle bøkene.

Rutinane for den språklege kontrollen

Den språklege granskinga av lærebøker bestod i å kontrollere at språket i bøkene følgde gjeldande reglar (frå 1959 gjaldt læreboknormalen), i leseverka skulle stoff fordelast på bokmål og nynorsk etter visse reglar (kvotefordeling), og det var reglar for utgjeving av parallellutgåver av bøker på bokmål og nynorsk og for normering av tekster i leseverk og songbøker. Når det gjaldt norskbøker, uttalte Norsk språknemnd og Norsk språkråd seg også om det faglege og pedagogiske. Rettskrivingsordlister vart gjennomgått etter eigne reglar.

Norsk språknemnd og Norsk språkråd fekk tilsendt manuskripta til lærebøkene frå forlaga før trykking og sende anten tilråding om godkjenning eller avvising til dei instansane som godkjende lærebøker. Godkjenning av ordlister hadde Norsk språkråd fått eineansvar for alt i 1984.

I årsmeldingane for Språknemnda var det lister over dei lærebøkene som var granska i løpet av året. I den første tiårsperioden hadde Språknemnda 1161 bøker til språkleg gransking, mens talet i den siste tiårsperioden var 1837. Listene viser at det var ein god del fleire bøker på bokmål enn på nynorsk, mellom 100 og 200 fleire kvart år. Ein del av titlane kom på den tida berre på bokmål og ikkje i nynorske parallellutgåver.

Ifølgje årsmeldingane for Norsk språkråd kom det i 1972 inn 243 lærebokmanuskript til gransking, 151 på bokmål, 69 på nynorsk og 23 fellesutgåver. I 1990 var talet 367 manus i alt, 170 på bokmål, 172 på nynorsk og 31 fellesutgåver. I 1999 kom det inn 485 lærebokmanus, 207 på bokmål, 204 på nynorsk og 74 fellesutgåver. (Tala frå 1999 er spesielt høge på grunn av skolereformene, som gjorde at det trongst mange nye lærebøker.)

Lærebokgranskinga var svært tidkrevjande. Kåre Skadberg, kontorsjef i Norsk språkråd i mange år, skreiv midt i 1980-åra i artikkelen «Lærebøkene – ein føresetnad for eit høgt utdanningsnivå» (i Mæhle ofl. (red.): Fornying og tradisjon. Språkvern og språkrøkt 1972–1988) at lærebokgranskinga var den største arbeidsoppgåva for sekretariatet i Norsk språkråd.

Normering av tekster i leseverk og songbøker

I Noreg er det tradisjon for å normere språket i litterære tekster til skolebruk av pedagogiske grunnar. Det har vore gjort sidan midten av 1800-talet. I 1961 gav Norsk språknemnd ut skriftet Målform og normering i lese- og sangbøker som første skrift i Språknemndas skriftserie. Skriftet var ei rettleiing for dei som arbeidde med lese- og songbøker og liknande, der det var bruk for ei viss språkleg normering.

I 1982 tok Norsk språkråd initiativ til å få justert reglane, og i 1987 vart nye reglar godkjende av Kyrkje- og undervisningsdepartementet og trykte i årsmeldinga frå Norsk språkråd. Desse normeringsreglane gjaldt òg tekster i norsklærebøker og lesebøker.

Fordeling av bokmål og nynorsk i lesetekster i norskfaget

Tidleg var det reglar for kor mykje stoff eit leseverk for skolen bør ha på bokmål og på nynorsk. Reglane var frå 1934 og gjekk ut på at «bimålstekstens sidetall skal utgjøre minst 1/3 av lesebokverkets samlede sidetall».

Under arbeidet med ny læreboknormal i 1950-åra tok Norsk språknemnd opp spørsmålet om ei endring av fordelingsreglane. I vanlege lesebøker var det ønskjeleg å sikre eit rimeleg utval av tekster med meir variert språkform, og derfor vart minimumskvoten for sidemålet sett ned frå ein tredel til ein firedel med godkjenning frå departementet. Til gjengjeld vart det i lesebøker på bokmål kravd at minst ein femdel av heile leseverket skulle ha «radikale» former. Departementet godkjende forslaget frå Språknemnda i 1959, og kvotereglane vart så trykte i skriftet Målform og normering i lese- og sangbøker frå 1961.

Vogtkomiteen (1966) drøfta fordelingsreglane for lesetekster i norskfaget. Leseverka hadde endra karakter, og det vart derfor aktuelt å vurdere reglane på nytt. I 1978 kom det nye reglar, utarbeidde av Norsk språkråd. Desse reglane gjaldt grunnskolen. Det fanst ikkje særskilde reglar for kvotefordeling i leseverk for gymnaset og seinare den vidaregåande skolen. Når slike verk skulle godkjennast, bygde ein på det undervisningsplanane sa om kva elevane skulle lese.

Dei gamle kvotefordelingsreglane vart i 1998 erstatta av dette leddet i paragraf 9–4 i den nye opplæringslova: «Lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal ha nok tilfang på begge målformer slik at elevane lærer å lese både bokmål og nynorsk.» Det var sterk misnøye i Norsk språkråd med dette, og det vart sendt eit brev til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet om saka. Men godkjenningsordninga for lærebøker fall bort i 2000, og då vart det òg slutt på samarbeidet Norsk språkråd hadde hatt med forlaga om fordeling av tekster på begge målformer i lærebøker.

Handbok i lærebokgransking

I 1999 gav Norsk språkråd ut Godt språk i lærebøker. Rettleiing i lærebokgransking med støtte frå Nasjonalt læremiddelsenter, Den norske Forleggerforening og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Boka er skriven for lærebokkonsulentar, men er nyttig også for dei som skriv og omset bøker eller arbeider med manus.

Slutt på godkjenningsordninga

I Ot.prp. nr. 44 (1999–2000) Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) gjorde regjeringa framlegg om at heile den offentlege godkjenningsordninga for lærebøker skulle falle bort. I juni 2000 vart dette vedteke av Stortinget og sett i verk straks.

Språkrådet gjekk i ei høyringsfråsegn sterkt inn for å halde ved lag den språklege delen av godkjenningsordninga, men vann ikkje fram. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet meinte at den språklege kvaliteten i lærebøkene vart godt nok sikra gjennom føresegna om at lærebøkene skulle følgje læreboknormalen, og at forlaga ville sørgje for det.

Norsk språkråd såg det som svært viktig at godkjenningsordninga for ordlister vart halden oppe, og tok opp saka direkte med kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget. Det førte til at det kom inn eit nytt ledd i paragraf 9 i opplæringslova: «Ordlister og ordbøker til skolebruk skal godkjennast av Språkrådet.»

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.05.2020 | Oppdatert:18.01.2021