Kvifor Norsk språkråd?

Den språkpolitiske situasjonen i 1950- og 1960-åra var nokså turbulent. I kjølvatnet av 1938-rettskrivinga og læreboknormalen i 1959 var det mange konfliktar, både mellom bokmåls-/riksmålsbrukarar og nynorskbrukarar og innanfor dei ulike språkleirane. Norsk språknemnd hadde ikkje hatt tilslutning frå dei språkbrukarane som høyrde til riksmålssida og ikkje kunne godta formålsparagrafen i vedtektene om tilnærming mellom målformene. Polemikken var ofte hard og førte til at dei meir kulturpolitiske sidene ved språket kom i bakgrunnen.

Ein av dei som var urolege for språkstoda, var Helge Sivertsen, som var kyrkje- og undervisningsminister 1960–1965. Han var redd for at begge målformene kom til å bli utarma og uroa seg for korleis det norske språket ville greie seg i møte med engelsk. Han sørgde derfor for at styresmaktene oppretta ein komité som skulle sjå på heile språksituasjonen. Komiteen vart kalla Vogtkomiteen etter komitéleiaren, Hans Vogt, som var rektor ved Universitetet i Oslo. Vogtkomiteen hadde representantar både frå Noregs Mållag, Riksmålsforbundet og Stortinget.

Komiteen skulle ta opp til drøfting heile språksituasjonen i landet og gjere framlegg om tiltak som kunne tene til å ta vare på og utvikle den norske språkarven. I mandatet var det framheva at komiteen særskilt skulle vurdere om og i tilfelle korleis Norsk språknemnd, eventuelt utbygd til eit norsk språkakademi, kunne få tilslutning frå alle som var interesserte i å verne om og auke rikdommen i norsk språk, og vidare om Norsk språknemnd eller eit norsk språkakademi og dei oppgåvene dette organet skulle ha, burde lovfestast.

Komiteen begynte arbeidet 15. april 1964 og la fram si Innstilling om språksaken 23. mars 1966.

Norsk språkråd vart oppretta ved lov i 1971 etter eit framlegg frå Vogtkomiteen. Komiteen hadde rådd til at det skulle opprettast eit språkvernråd som kunne ta opp språkpolitiske spørsmål på fritt grunnlag og drøfte seg fram til retningslinjer og former for reelt samarbeid om konkrete oppgåver. Eit fagleg utval innanfor rådet skulle ha i oppgåve å føre vidare det faglege utgreiingsarbeidet som Språknemnda hadde gjort, og ut frå det lage tilråding til rådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.05.2020 | Oppdatert:18.01.2021