Vedtekter

Vedtekter for Norsk språknemnd med endringar

Innleiing

Norsk språknemnd vart skipa ved stortingsvedtak 14. desember 1951. Vedtektene vart fastsette av Stortinget same dagen. Vedtektene nedanfor er henta frå Hellevik, Alf og Einar Lundeby (red.): Skriftspråk i utvikling : tiårsskrift for Norsk språknemnd 1952–1962. 1964.

Vedtektene vart endra ved stortingsvedtak 27. januar 1966. Det var § 4 som vart endra, slik at det ikkje lenger var Den norske Forfatterforening, men norske forfattarar som skulle nemne opp medlemmer. Endringa er her henta frå Norsk Lovtidende 1966 s. 27 og 970 og er omtalt i Haugen, Einar: Riksspråk og folkemål. Norsk språkpolitikk i det 20. århundre. Universitetsforlaget 1968, s. 227. Endringane er markerte nedanfor ved at tekst som gjekk ut, er streka over, mens ny eller endra tekst står med kursiv.

Vedtekter for Norsk språknemnd 1951–1966

§ 1.

Norsk språknemnd er eit rådgjevande organ. På grunnlag av vitskapleg gransking skal ho gje styremaktene og ålmenta råd og rettleiing i språkspørsmål og i dette arbeidet fremja tilnærming mellom dei to skriftmåla på norsk folkemåls grunn.

Nemnda kan òg ta avgjerd i ymse spørsmål etter fullmakt frå styremaktene.

§ 2.

Med det føremål å få utbygd eit breitt grunnlag for rettskriving og måldyrking i notid og framtid skal nemnda setja i gang gransking av talemål og skriftmål i nært samarbeid med dei ordboks- og innsamlingstiltak som er i gang.

Nemnda har desse serlege oppgåvene:

  1. Å gje rettleiing i rettskrivingsspørsmål: a) å peika på vegar til å jamna, så langt råd er, dei pedagogiske vanskar som rettskrivingsbrigde kan føra med seg, b) å uttala seg om eller sjølv arbeida ut framlegg til turvande læreboknormal for kvart av dei to skriftmåla og c) å gje styremaktene råd om nye brigde som eventuelt bør gjerast.
  2. Å fremja einskap i terminologi innanfor kvar målform og, så langt det er naturleg, for båe målformer under eitt.
  3. Å føra tilsyn med og gje rettleiing om målføringa – i ortografi, terminologi, syntaks og stil – i lærebøkene for heile skuleverket.
  4. Å stå til teneste for styringsverk, offentlege institusjonar, pressa og ålmenta med utgreiingar, språkkurs og anna opplysningsarbeid.
  5. Å stø slike måldyrkingstiltak i det eine eller andre skriftmålet som tener hovudføremåla til nemnda.
  6. Å samarbeida med institusjonar av liknande slag i dei andre nordiske landa.

§ 3.

Nemnda blir samansett av 30 målsmenn for språkvitskap, morsmålsopplæring, litteratur, presse og kringkasting. Bokmål og nynorsk skal ha lik representasjon i nemnda. For alle medlemer blir det nemnt opp personlege varamenn.

Medlemer og varamenn blir oppnemnde av Kongen for 3 år etter tilråding frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Ein tredjepart av medlemene med varamenn går ut kvart år, i den fyrste treårsperioden etter lutdraging i nemnda.

Ingen kan bli oppnemnd etter fylte 70 år.

§ 4.

Desse institusjonane gjer framlegg til Kyrkje- og undervisningsdepartementet om oppnemning av målsmenn: Universitetet i Oslo ved Det historisk-filosofiske fakultet; Universitetet i Bergen ved Det historisk-filosofiske fakultet; Noregs Lærarhøgskule ved lærarrådet; Det Norske Samlaget og Riksmålsvernet ved styra; lærarskulane ved styret i Lærarskulelaget; den høgre skulen ved styret i Norsk lektorlag; folkehøgskulane ved styra i landslærarlaga; folkeskulen og framhaldsskulen ved styra i landslærarlaga; Den norske Forfatterforening ved Det Litterære Råd; Norsk Presseforbund ved hovudstyret; Norsk Rikskringkasting ved styret. Den norske Forfatterforening skal ha 4 målsmenn, Det Norske Samlaget og Riksmålsvernet 2 til saman, folkeskulen og framhaldsskulen 4 til saman, og dei andre institusjonane 2 kvar.

I framlegga blir det ført opp dobbelt så mange namn som vedkomande institusjon(ar) får målsmenn i nemnda. I kvart framlegg skal det vera jamvekt i representasjonen for bokmål og nynorsk. Målsmennene bør helst vera knytte til den institusjonen (dei institusjonane) som sender inn framlegg; men det skal òg vera høve til å gjera framlegg om andre innanfor same hovudgruppe.

I si tilråding peikar departementet ut medlemer og varamenn mellom dei som er oppførde i framlegget (framlegga) frå vedkomande institusjon(ar). I tillegg til denne representasjonen peikar departementet sjølv ut 4 medlemer og 4 varamenn. Dersom ein institusjon ikkje nyttar framleggsretten sin, peikar departementet ut tilsvarande mange medlemer med varamenn.

§ 5.

Nemnda vel mellom medlemene sine:

  1. Formann og varaformann. Dersom ingen av formannskandidatane får absolutt fleirtal, er det bunde omval. Er røystetalet då likt, blir valet avgjort med lutdraging. Varaformannen skal veljast slik at han ikkje representerer same målform som formannen. Målsmennene for kvar målform skal ha formannen/varaformannen skiftevis annakvart år. Men det skal likevel vera høve til attval dersom ein kandidat får minst 2/3 av røystene.
  2. Eit arbeidsutval på 6 medlemer, 3 for kvar målform, mellom dei formannen og varaformannen i nemnda. Desse to skal samstundes vera formann og varaformann i arbeidsutvalet.
  3. Varamenn til arbeidsutvalet, 3 for kvar målform.

Arbeidsutval og varamenn blir valde for 1 år om gongen. Dersom to kandidatar til desse omboda får like mange røyster, blir valet mellom dei avgjort ved lutdraging.

§ 6.

Til det daglege arbeidet får nemnda eit sekretariat med ein sekretær for kvar målform, og elles den kontorhjelp som trengst. Sekretærane blir tilsette på åremål av Kyrkje- og undervisningsdepartementet etter at arbeidsutvalet har gjevi tilråding, onnor arbeidshjelp av arbeidsutvalet. Sekretærane gjer òg sekretærarbeid i nemnda og i arbeidsutvalet.

Arbeidsutvalet set opp instruks og arbeidsskipnad for sekretariatet og fører tilsyn med arbeidet der ved formannen og varaformannen.

§ 7.

Arbeidsutvalet kan med samtykke frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet nemna opp serutval eller einskildpersonar til å ta seg av serlege arbeidsoppgåver. Omframt medlemer frå nemnda kan det vera sakkunnige som blir tilkalla utanfrå, eventuelt etter samråd med interesserte institusjonar.

§ 8.

Nemnda kjem saman etter innkalling frå formannen ein gong i året og elles når arbeidsutvalet eller minst 10 medlemer finn at det trengst. Arbeidsutvalet møter etter innkalling frå formannen.

Årsmøtet skal vanleg haldast i slutten av august. På årsmøtet legg arbeidsutvalet fram årsmelding og rekneskap til drøfting og godkjenning. På dette møtet drøfter nemnda elles arbeidsoppgåver for det komande året, vedtek budsjettframlegg og vel ombodsmenn.

Nemnda er vedtaksfør når to tredjepartar av medlemene er til stades. Arbeidsutvalet er vedtaksført berre når alle møter. Varamann som møter for ein av dei faste medlemene, blir rekna som medlem.

Ved like røystetal tek Kyrkje- og undervisningsdepartementet endeleg avgjerd i spørsmål som styremaktene har gjevi nemnda fullmakt til å avgjera. For val gjeld den regelen som er nemnd i § 5. I andre tilfelle er røysta til formannen avgjerande.

§ 9.

Etter årsmøtet sender arbeidsutvalet ved formannen årsmelding, rekneskap og budsjettframlegg inn til Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

 

Vedtekter  for Norsk språknemnd 1966–71

§ 1.

Norsk språknemnd er eit rådgjevande organ. På grunnlag av vitskapleg gransking skal ho gje styremaktene og ålmenta råd og rettleiing i språkspørsmål og i dette arbeidet fremja tilnærming mellom dei to skriftmåla på norsk folkemåls grunn.

Nemnda kan òg ta avgjerd i ymse spørsmål etter fullmakt frå styremaktene.

§ 2.

Med det føremål å få utbygd eit breitt grunnlag for rettskriving og måldyrking i notid og framtid skal nemnda setja i gang gransking av talemål og skriftmål i nært samarbeid med dei ordboks- og innsamlingstiltak som er i gang.

Nemnda har desse serlege oppgåvene:

  1. Å gje rettleiing i rettskrivingsspørsmål: a) å peika på vegar til å jamna, så langt råd er, dei pedagogiske vanskar som rettskrivingsbrigde kan føra med seg, b) å uttala seg om eller sjølv arbeida ut framlegg til turvande læreboknormal for kvart av dei to skriftmåla og c) å gje styremaktene råd om nye brigde som eventuelt bør gjerast.
  2. Å fremja einskap i terminologi innanfor kvar målform og, så langt det er naturleg, for båe målformer under eitt.
  3. Å føra tilsyn med og gje rettleiing om målføringa – i ortografi, terminologi, syntaks og stil – i lærebøkene for heile skuleverket.
  4. Å stå til teneste for styringsverk, offentlege institusjonar, pressa og ålmenta med utgreiingar, språkkurs og anna opplysningsarbeid.
  5. Å stø slike måldyrkingstiltak i det eine eller andre skriftmålet som tener hovudføremåla til nemnda.
  6. Å samarbeida med institusjonar av liknande slag i dei andre nordiske landa.

§ 3.

Nemnda blir samansett av 30 målsmenn for språkvitskap, morsmålsopplæring, litteratur, presse og kringkasting. Bokmål og nynorsk skal ha lik representasjon i nemnda. For alle medlemer blir det nemnt opp personlege varamenn.

Medlemer og varamenn blir oppnemnde av Kongen for 3 år etter tilråding frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Ein tredjepart av medlemene med varamenn går ut kvart år, i den fyrste treårsperioden etter lutdraging i nemnda.

Ingen kan bli oppnemnd etter fylte 70 år.

§ 4.

Desse institusjonane gjer framlegg til Kyrkje- og undervisningsdepartementet om oppnemning av målsmenn: Universitetet i Oslo ved Det historisk-filosofiske fakultet; Universitetet i Bergen ved Det historisk-filosofiske fakultet; Noregs Lærarhøgskule ved lærarrådet; Det Norske Samlaget og Riksmålsvernet ved styra; lærarskulane ved styret i Lærarskulelaget; den høgre skulen ved styret i Norsk lektorlag; folkehøgskulane ved styra i landslærarlaga; folkeskulen og framhaldsskulen ved styra i landslærarlaga; Den norske Forfatterforening ved Det Litterære Råd; Norsk Presseforbund ved hovudstyret; Norsk Rikskringkasting ved styret. Den norske Forfatterforening skal ha 4 målsmenn, Dessutan gjer sakkunnige norske forfattarar, som er medlemer av Det litterære Råd, men som ikkje opptrer på vegner av Den norske Forfatterforening, framlegg om målsmenn for norske forfattarar, i alt 4. Det norske samlaget og Riksmålsvernet skal ha 2 målsmenn til saman, folkeskulen og framhaldsskulen 4 til saman, og dei andre institusjonane 2 kvar.

I framlegga blir det ført opp dobbelt så mange namn som vedkomande institusjon(ar) får målsmenn i nemnda. I kvart framlegg skal det vera jamvekt i representasjonen for bokmål og nynorsk. Målsmennene bør helst vera knytte til den institusjonen (dei institusjonane) som sender inn framlegg; men det skal òg vera høve til å gjera framlegg om andre innanfor same hovudgruppe.

I si tilråding peikar departementet ut medlemer og varamenn mellom dei som er oppførde i framlegget (framlegga) frå vedkomande institusjon(ar). I tillegg til denne representasjonen peikar departementet sjølv ut 4 medlemer og 4 varamenn. Dersom ein institusjon ikkje nyttar framleggsretten sin, peikar departementet ut tilsvarande mange medlemer med varamenn.

§ 5.

Nemnda vel mellom medlemene sine:

  1. Formann og varaformann. Dersom ingen av formannskandidatane får absolutt fleirtal, er det bunde omval. Er røystetalet då likt, blir valet avgjort med lutdraging. Varaformannen skal veljast slik at han ikkje representerer same målform som formannen. Målsmennene for kvar målform skal ha formannen/varaformannen skiftevis annakvart år. Men det skal likevel vera høve til attval dersom ein kandidat får minst 2/3 av røystene.
  2. Eit arbeidsutval på 6 medlemer, 3 for kvar målform, mellom dei formannen og varaformannen i nemnda. Desse to skal samstundes vera formann og varaformann i arbeidsutvalet.
  3. Varamenn til arbeidsutvalet, 3 for kvar målform.

Arbeidsutval og varamenn blir valde for 1 år om gongen. Dersom to kandidatar til desse omboda får like mange røyster, blir valet mellom dei avgjort ved lutdraging.

§ 6.

Til det daglege arbeidet får nemnda eit sekretariat med ein sekretær for kvar målform, og elles den kontorhjelp som trengst. Sekretærane blir tilsette på åremål av Kyrkje- og undervisningsdepartementet etter at arbeidsutvalet har gjevi tilråding, onnor arbeidshjelp av arbeidsutvalet. Sekretærane gjer òg sekretærarbeid i nemnda og i arbeidsutvalet.

Arbeidsutvalet set opp instruks og arbeidsskipnad for sekretariatet og fører tilsyn med arbeidet der ved formannen og varaformannen.

§ 7.

Arbeidsutvalet kan med samtykke frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet nemna opp serutval eller einskildpersonar til å ta seg av serlege arbeidsoppgåver. Omframt medlemer frå nemnda kan det vera sakkunnige som blir tilkalla utanfrå, eventuelt etter samråd med interesserte institusjonar.

§ 8.

Nemnda kjem saman etter innkalling frå formannen ein gong i året og elles når arbeidsutvalet eller minst 10 medlemer finn at det trengst. Arbeidsutvalet møter etter innkalling frå formannen.

Årsmøtet skal vanleg haldast i slutten av august. På årsmøtet legg arbeidsutvalet fram årsmelding og rekneskap til drøfting og godkjenning. På dette møtet drøfter nemnda elles arbeidsoppgåver for det komande året, vedtek budsjettframlegg og vel ombodsmenn.

Nemnda er vedtaksfør når to tredjepartar av medlemene er til stades. Arbeidsutvalet er vedtaksført berre når alle møter. Varamann som møter for ein av dei faste medlemene, blir rekna som medlem.

Ved like røystetal tek Kyrkje- og undervisningsdepartementet endeleg avgjerd i spørsmål som styremaktene har gjevi nemnda fullmakt til å avgjera. For val gjeld den regelen som er nemnd i § 5. I andre tilfelle er røysta til formannen avgjerande.

§ 9.

Etter årsmøtet sender arbeidsutvalet ved formannen årsmelding, rekneskap og budsjettframlegg inn til Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.11.2020 | Oppdatert:18.01.2021