Ulike namnetypar

Små og store namnekrinsar

Stadnamna kan klassifiserast på ulike måtar, både på grunnlag av språklege og ikkje-språklege kjennemerke. Ein måte å skilje mellom namna på er å ta utgangspunkt i kor stor namnekrinsen eller brukarmiljøet er. Ein vesentleg del av alle stadnamn er nytta eller kjend berre av nokre få, t.d. på ein gard eller i ei grend. Det kan vere namn på teigar, markstykke o.l. Desse har gjerne vore kalla «gårdens navn» (etter Magnus Olsen). Slike mini-namnekrinsar finst det tusenvis av rundt om i landet. Noko større er den namnekrinsen som femner om ei heil bygd eller eit byområde. Desse namna har vore kalla «bygdens navn», dvs. dei har vore kjende og nytta av folk i eit noko vidare område enn det einskilde gardssamfunnet. Gards- og grendenamna og dei viktigaste naturlokalitetane i ei bygd (eller ein by) høyrer til denne namnekrinsen. Endeleg er det ein god del lokalitetar rundt om i landet som er så viktige at namna deira er kjende av folk frå ulike kantar av landet, først og fremst av dei som reiser mykje, og desse namna har vore kalla «veiens navn», t.d. namn på større fjordar, øyar, elvar og fjell, tettstader, område og landsdelar. I praksis kan ein rekne med mange fleire namnekrinsar som til dels går over i kvarandre, alt etter kva situasjon namna blir brukte i. Dessutan har det moderne mediesamfunnet ofte vore med på å skape ei meir eller mindre kortvarig interesse for namn som elles ikkje ville oppta folk utanfor lokalsamfunnet.

Bustadnamn

Meir vanleg er det å klassifisere stadnamna etter kva slags lokalitetstype dei viser til. Såleis kan ein skilje mellom inndelingsnamn (områdenamn, fylkesnamn, kommunenamn, soknenamn ofl., sjå kap. 3.3), bynamn, gardsnamn, bruksnamn/eigedomsnamn, alt etter kva ein finn praktisk. Desse namnegruppene kallar ein med ei felles nemning for bustadnamn eller busetnadsnamn av di dei viser til stader der det bur eller har budd folk. Vidare finst det fleire lokalitetsgrupper der folk oppheld seg mellombels, t.d. setrar, fiske- og veidebuer, hytter, slåtter; til desse knyter det seg òg ei stor mengd namn.

Kulturnamn og naturnamn

Ut over dette finst det nær sagt tallause større og særleg mindre namngjevne lokalitetar der folk utfører eller har utført ulike former for næringsverksemd eller fritidsaktivitet, først og fremst i samband med det gamle arbeidslivet, men også frå nyare tid, t.d. fôrsanking, fiske og fangst, handverk, industri, samferdsel. Desse namnegruppene kan ein med ei overordna nemning kalle kulturnamn, altså namn som vitnar om menneskelege aktivitetar. Ei anna hovudgruppe er naturnamna, dvs. namn på naturlokalitetar av ymse slag, t.d. namn på fjordar, øyar, vassdrag, fjell osb.

Tydingskrinsar

Det kan og vere aktuelt å analysere eit namnemateriale etter tydingskrins. Dei fleste namna inneheld eit hovudledd som fortel om terrengtype, t.d. -fjell, -haug, -nut, -dal, -vik, -gate, -veg, -åker. Dessutan har svært mange namn eit førsteledd eller utmerkingsledd som viser til ulike tydingsområde, t.d. planteliv som i Vierdalen, dyreliv som i Bjørnehaugen, arbeidsliv som i Skomakarbakken osv.

I nyare namnsetjing har det vore vanleg å nytte namn med felles tydingskrins i visse delar av ein tettstad. Slike tydingskrinsar kan gå på alt frå steinslag og himmellekamar til musikk og litteratur. Namn med felles tydingskrins eller motivkrins blir og nemnde gruppenamn eller kategorinamn, sjå meir om dette seinare.

Språklege særmerke

Vidare kan det vere av interesse, særleg frå ein språkleg synsvinkel, å finne ut om namna er usamansette som Løkka og Torget, eller samansette som Langedalsløkka og Stortorget, om eintal eller fleirtal ligg til grunn, t.d. Setra eller Setran, om namnet har dativform som i Lien og Bergo eller genitivsform som i Sjurs.

Også andre språklege kriterium kan leggjast til grunn for inndelingane, alt etter kva ein ønskjer å byggje på. Naturleg nok vil namnegranskarane ha meir spesielle siktemål enn folk flest her. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.06.2011 | Oppdatert:14.01.2021