Kulturhistoriske verdiar

Som regel har det praktiske føremoner å byggje dei nye stadnamna på det eksisterande namnetilfanget. Men også frå eit kulturhistorisk synspunkt vil det vere viktig å utnytte dei nedarva stadnamna når ein skal setje namn på bustadfelt, vegar og andre objekt.

Kvart lokalmiljø har ei fortid som på mange måtar speglar seg av i stadnamna: Hollenderveien i Son fortel om den gamle sjøtrafikken, Munkegata i Oslo vitnar om klosterliv, Bøkkersmauet i Bergen om tunnemakaryrket, Garvargata i Ørsta om garvaryrket. Brennerigata i Vadsø har namn etter eit tidlegare tranbrenneri. Frå Voss kan nemnast Burekkje, Geili (båe med tydinga 'krøterveg'), Hestavangen, Kvernavegen, Kyrkjefloten, Smidjevegen, Stallgata, Teigbrekko, Vadet. Andre døme på namn som fortel om ulike former for ressursutnytting, er Linåkeren, Hampedokka, Sanddrættet (drætte 'draging av fiskereiskap' o.l.), Bogastillet (gammal jaktplass). Om handverk, handel og samferdsle fortel Smiubakken, Kremmargarden, Kvilesteinen, medan Dansarhaugen, Likhella, Tussavombi og Jutulhogget vitnar om sosialt liv, skikkar og førestellingar.

Stadnamna gjev såleis eit mangesidig bilete av livstilhøve og arbeidsliv gjennom tidene og er ei verdfull kjelde for lokalhistorisk innsikt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.06.2011 | Oppdatert:14.01.2021