Fastsetting av namn på statsorgan

Alle namn på statlege organ og undereiningar (avdelingar, seksjonar, nemnder og andre) skal vere i samsvar med den offisielle rettskrivinga.

Statsorgan skal ha namn på både bokmål og nynorsk, eller namn som høver på båe skriftspråka.

Namnelaging i staten skal følge god namneskikk.

Språkrådet skal gje statsorgan råd om skrivemåte og namneskikk før eit namn blir vedteke.

Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgana etterlever desse reglane.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.11.2018 | Oppdatert:12.05.2022