Innføringsbrosjyre: Ny nynorskrettskriving frå 2012
Brosjyren gjer greie for dei største endringane. Mange endringar for enkeltord og mindre ordgrupper er ikkje omtalte i brosjyren. Difor er det viktig å ha tilgang til oppdaterte ordbøker og ordlister.
Dette er nokre hovudpunkt i den nye rettskrivinga:
- Skiljet mellom hovudformer (læreboknormalen) og sideformer (klammeformer) i rettskrivinga er oppheva. Alle former er no jamstilte. Det er ikkje lenger noko skilje mellom kva former elevane kan bruke, og kva former som kan brukast i lærebøker for skulen og i statstenesta.
- Bøyingsverket er enklare enn før ved at fleire kategoriar av ord no kan bøyast på berre ein måte.
- Ein del former, både tidlegare sideformer og hovudformer, er tekne ut av rettskrivinga.
- I mange tilfelle blir valfridommen ståande. Ein del sideformer har vorte gjeldande rettskrivingsformer, og nokre få nye former er tekne inn. I reforma er det lagt vekt på å ta vare på former som er i allmenn bruk blant nynorskbrukarar.
Rettskrivinga i nettutgåva av Nynorskordboka blir oppdatert frå august 2012. Innstillinga Ny rettskriving for 2000-talet. Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet inneheld alle vedtekne endringar med bakgrunn og grunngjeving.
Sist oppdatert: 9. juli 2012