Marius Hægstad: Norsk maallæra

TittelsideNorsk maallæra eller grammatik i landsmaalet ved Marius Hægstad. Femte utgaava. Bergen: Fr. Nygaards forlag 1905.


I 1898 sette Kyrkje- og undervisningsdepartementet ned ei rettskrivingsnemnd for landsmålet. Nemnda fekk tre medlemmer: folkehøgskulestyrar Marius Hægstad, Arne Garborg og Rasmus Flo, redaktør av det nye tidsskriftet Syn og Segn. Nemnda klarte ikkje å semjast om eit sams framlegg.

Flo og Garborg la fram ein normal som på viktige punkt braut med Ivar Aasen. Dei bygde på fjellbygdmåla på Austlandet, dei såkalla midlandsmåla, og normalen går difor under namnet midlandsnormalen. Hægstad heldt på si side fast på Aasen-normalen med nokre tillempingar.

Etter å ha innhenta kommentarar frå andre fastsette departementet i 1901 at «Hægstadnormalen» skulle vere offisiell landsmålsrettskriving i skule og administrasjon, men elevar som ville, kunne nytte midlandsnormalen.

Skrive om boka

«Fyrste læreboka Hægstad gav ut, var Norsk maallæra elder Grammatik i Landsmaalet. Ho kom ut på eige forlag i Namsos i 1879. [– – –]  Framstellingsmåten åt Hægstad er beintfram og grei, døma velvalde, og som ein kan vente, ligg det solide faglege kunnskapar under, og dei er med og gjev ei tenleg og gjennomtenkt pedagogisk framstelling. Denne vesle boka var viktig som ein framskuv for landsmålet på eit nytt område, og det er dessutan sjølve området for tilværet åt eit mål, nemleg målet sjølv og rammene for det. Med denne boka kunne dei som ville, lære landsmål. Folk tok også boka i bruk, særleg var det vel ungdomen på folkehøgskular og etter kvart borna i folkeskulen som gjorde det. [– – –] Etter at norma for landsmålet vart brigda i 1901, laut det til ei ny utgåve av Norsk Maallæra, og det var alt den fjerde. Den nye utgåva som kom i 1912, hadde vorte ikkje mindre enn den åttande. Då var det teke med nytt frå ei statsrådsavgjerd (ein kongeleg resolusjon) i 1910. På den tida tok sonen Leiv (og andre grammatikarar) etter kvart over. Leiv Heggstad gav fyrst ut grammatikk i 1914, og det kom både store og småe utgåver. Han førte såleis vidare den tradisjonen som faren hadde lagt grunnlaget for, og han vart den fremste lærebokskrivaren på området nynorsk grammatikk i det tjuande hundreåret (verksam til 1951, og seinare ved oppattrykk av eldre grammatikkutgåver).»

(Frå Kjell Venås: I Aasens fotefar. Marius Hægstad. Oslo: Novus forlag 1991, side 276–280)

Om Hægstad som universitetslærar

 «Når professor Hægstad kom inn i auditorium 5 på Universitetet, roleg og smilande, var det som han lyste av godleik og velvilje. Han hadde førelesing om ettermiddagen, for om føremiddagen dreiv han med målgranskinga si heime. Han kom tidast med frakken på etter spaserturen frå øvst i Pilestredet; han trong vel å røra på seg, så seigt og trutt som han sat ved arbeidsbordet. I timane sine greidde han helst ut om norske målføre, eller norsk målsoge frå dei eldste tider. Det var eit nytt fag ved Universitetet. Studentane tykte nok det gjekk svært seint med han, for han var så grundig og solid.

Hægstad hadde eit uvanleg pedagogisk handlag til å leggja fram målvokster og mållover greitt og klårt, med gode døme og stor lærdom. Og han spurde seg føre i auditoriet, og fekk i stand samtalar. Når han då fekk høyra ei litt uvanleg målform eller ordtyding i eit målføre, stogga han opp, grov og spurde nærare, og gav forklåring på fenomenet. Då var det som ein kunne sjå kor han gledde seg over ny kunnskap. Det eggja elevane òg til å granska i målføret sitt.

I det akademiske kvarteret mellom to førelesingar tok han seg ein tur nedover Karl Johan. Då hadde han gjerne ein eller fleire studentar med seg. Han samtala med dei, og spurde etter deira livshøve. Alltid stod han og tala lenge med studentane etter førelesinga òg. Han synte levande interesse for dei unge, og var gjerne med i laga deira.»

(Frå Olav Midttun: Livsminne. Oslo: Det Norske Samlaget 1971, s. 43–44)

Meir om Hægstad

 «Marius Hægstad var den fyrste som laga seg ein talenormal med landsmålet til grunnlag, og nytta denne i førelesingar på Universitetet, i talar, foredrag og all omgang elles både offentleg og privat. Etter kvart fylgde andre etter med å normalisera heimemålet sitt bort i mot det nynorske skriftmålet i formverk, lydverk og bøygningsverk. Såleis har det no vakse fram ein landsgyldig nynorsk talenormal som alle skjønar.»

(Frå Edvard Os: Bøygen. Oslo 1961, s. 112)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.01.2005 | Oppdatert:14.01.2021