Nyheiter

Her finn du dei siste nyheitene om den nye rettskrivinga for nynorsk.

Kurs i ny rettskriving
(29.6.12) Vi held kurs i den nye rettskrivinga i nynorsk. Kursa blir haldne som samlingar ulike stader i landet for grupper av lærarar og andre offentleg tilsette. I september 2012 blir det òg opne kurs i lokala til Språkrådet i Oslo for alle interesserte.

Nytt og betre nettkurs i nynorsk frå Språkrådet
(28.6.12) Språkrådet lanserer i dag eit nytt nynorskkurs. Kurset rettar seg særleg mot elevar i den vidaregåande skulen og offentleg tilsette, men er ope for alle. Innhaldet er laga i tråd med den nye nynorskrettskrivinga som gjeld frå 1. august. Kurset erstattar dei populære nynorskoppgåvene som tidlegare låg på nettstaden til Språkrådet.

Kulturdepartementet godkjenner ny rettskriving i nynorsk
(22.9.11) Kulturdepartementet har i dag godkjent framlegget frå Språkrådet om ny rettskriving for nynorsk. Den nye rettskrivinga skal gjelde frå 1. august 2012.

Språkrådet støttar ny nynorskrettskriving
(20.5.11) Styret i Språkrådet går samrøystes inn for at framlegget til ny offisiell nynorskrettskriving frå rettskrivingsnemnda blir innført.

Ferdig framlegg til ny nynorskrettskriving
(1.4.11) Både «skole» og «skule» bør kunne skrivast på nynorsk. Det bør også bli høve til å skrive «kjem dokker?» i tillegg til «kjem de?», men i-målet bør gå ut av den offisielle rettskrivinga. Det føreslår Språkrådets rettskrivingsnemnd for nynorsk i den innstillinga dei i dag overrekte til styret i Språkrådet.

Bilete og referat frå høyringsmøtet om nynorskrettskrivinga
(2.3.11) Måndag 21. februar var det ope høyringsmøte om framlegget til ny rettskriving for nynorsk i auditoriet i Nasjonalbiblioteket i Oslo. Me har samla program, lenkjer til nett-tv-sendinga, referat, bilete m.m. frå dagen på ei eiga side.

Open høyring om nynorskrettskrivinga
(1.2.11) Rettskrivingsnemnda for nynorsk sender i dag innstillinga til revidert nynorskrettskriving på høyring. Det er open høyring fram til 25. februar.

Oversyn over vedtak
(23.1.11) Eit oversyn over vedtaka frå møtet i rettskrivingsnemnda 13.-14.1.2011 ligg no ute på nettsida.

Høyringa nærmar seg
(17.1.11) Rettskrivingsnemnda hadde møte på Lysebu 13. og 14. januar, og gjekk då gjennom innstillinga som skal ut på høyring med det fyrste. Merknader som har kome til nemnda på bloggen Nynorsk 2011, på e-post og i møte, har vore til stor hjelp i vurderingane nemnda har gjort. Endringar som vart gjorde i møtet, blir no innarbeidde i innstillinga, som blir lagd ut til høyring seinast 1. februar.

Dei som ønskjer å vera med på høyringsmøtet, må melda seg på til Språkrådet. Nærare opplysningar om påmelding og adresse for høyringsmerknader kjem samtidig med høyringsdokumentet.

Samla oversyn over vedtak frå rettskrivingsnemnda
(21.12.10) Rettskrivingsnemnda har no vore gjennom dei delane av nynorsk rettskriving som det er tid til å vurdera innanfor tidsramma nemnda har fått. Samla oversyn over vedtak ligg på nettsida under referat.

Vanskelege val om verb
(27.10.10) Verb og verbbøying var hovudtema på sist møte i rettskrivingsnemnda. Nemnda føreslår at kløyvd infinitiv går ut av rettskrivinga, medan a- og e-infinitiv blir jamstelte, som i dag.

Ut med glida og draga, inn med dåkker?
(2.10.10) Rettskrivingsnemnda går inn for å fjerne langformene av ein del verb som i dag kan ha lang eller kort form i infinitiv, t.d. gli/glida, dra/draga. Samtidig vil vi forenkle bøyingsmønsteret for mange av desse verba, som i dag har mange valfrie former.

Nye vedtak frå rettskrivingsnemnda
(31.8.10) Ei rekkje verb som i dag har obligatorisk j, som t.d.  bølgje, følgje, ønskje og sørgje,  skal og kunne skrivast utan j i den nye rettskrivinga. Vekedagane skal skrivast som i dag. Dette er to av  dei vedtaka nemnda gjorde på møte 18. august.  Nemnda diskuterte og om ord som dialekt skal få valfritt hankjønn eller hokjønn, utan å gjere vedtak.

Varsel om høyring: revisjon av nynorskrettskrivinga
(16.8.10) Styret i Språkrådet har oppnemnt ei rettskrivingsnemnd som skal lage ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Målet er å etablere ei norm som gjer det lettare å vere nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid.

og no, eller berre no?
(4.8.10) Rettskrivingsnemnda vil gjerne høyra kva folk meiner om orda som er lista opp nedanfor. Bør nemnda gå for ei form (i så fall den siste ved kvart alternativ), eller bør me behalda båe former?

I-målet ut av rettskrivinga?
(29.6.10) Rettskrivingsnemnda har samrøystes gått inn for at i-målet (døme: soli, husi) skal takast ut av nynorsk rettskriving. Samstundes har nemnda gått inn for at det ikkje lenger skal vera mogleg å skriva bare og og mye i nynorsk. Desse og andre vedtak kan du lesa om i referatet frå nemndmøtet 8.–9. juni.

Inviterer til nettdebatt om nynorskrettskriving
(29.4.10) Vi lanserer diskusjonsforumet Nynorsk 2011 der alle interesserte kan fortelje kva for ønske dei har til den komande rettskrivinga for nynorsk. – Vi vil ha innspel frå brukarane, seier Grete Riise, leiar i Språkrådets rettskrivingsnemnd for nynorsk.

Y eller ø?
(24.3.10) Rettskrivingsnemnda har kome med det første førebelse vedtaket når det gjeld skrivemåte. Denne gongen var det bruken av y og ø i ein del ord. Kortversjonen er at det alltid skal kunne brukast ø, men at y vert ståande som jamstelt form i mykje brukte ord som til dømes fylgje, fyrst, syster og sysken. Heile vedtaket kan du lese i referatet frå nemndsmøtet 16.3.2010

Interessert i nynorsk rettskriving? 
(9.3.10) Rettskrivingsnemnda for nynorsk har no fått eiga nettside hjå Språkrådet. Her kan lese om bakgrunnen for vedtaket om ny rettskriving og sende eigne synspunkt og framlegg direkte til nemnda. Vidare kan du lese om nemnda og mandatet ho har fått, og du kan etter kvart følgje arbeidet i nemnda gjennom sakspapir og referat. 

Nynorskrettskrivinga skal bli enklare
(5.1.10) Styret i Språkrådet har oppnemnt ei rettskrivingsnemnd som skal laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Den nye norma skal erstatta dagens norm. Arbeidet skal vera ferdig 15. mai 2011 etter ein open og inkluderande prosess.

 

Sida blei sist oppdatert: 9.7.2012

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.02.2010 | Oppdatert:12.05.2021