Språkdagen 2015 – Språkopplæring i skulen på dagsordenen

No image

Språkundervisninga i skulen var temaet for Språkdagen 2015, som vart arrangert i Oslo Konserthus 18. november. Fagrådet og seksjonen for språk i skole og offentleg forvaltning stod for programmet.

Herborg KråkevikNorsk skule er i endring, og framtidas språkundervisning vart sett under lupa på Språkdagen 2015. Korleis bør innhaldet i norskfaget vere? Kva ideologisk forankring bør norskundervisninga ha? Kva plass skal andre språk ha? Korleis kan skulen utnytte språkkompetansen elevane har?

Arrangementet er ei årleg hending som tek opp språklege problemstillingar.

Konferansier var songar og skodespelar Herborg Kråkevik.

 

Opning

Trond Giske

Trond Giske, leiar i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, opna arrangementet.

«Det norske språket bind oss saman, det definerer oss.»

«Eg er overtydd om at for svake ferdigheiter i språk er noko av grunnen til fråfallet i skulen.»

 

Kva må gjerast med skriveopplæringa i skulen?

Språk, språkopplæring og demokratisk myndiggjering

Kjell Lars Berge, professor i tekstvitskap ved Universitetet i Oslo

Kjell Lars Berge

«Barn som jobbar systematisk med skriving i naturfag, forstår faget betre.»

Skriving er noko av det viktigaste det moderne mennesket lærer, meiner Kjell Lars Berge. Ved hjelp av historiske smakebitar viste han kor viktig skrifta er for å delta i demokratiet, og understreka samtidig at alle må kunne skrive, òg i tradisjonelt manuelle yrke. Skulen har ei heilt sentral rolle for å gjere folk i stand til å skrive, og Berge retta eit kritisk blikk på den tradisjonelle skriveopplæringa. Skriving har blitt sett på som ei oppgåve for norskfaget, og der har den skjønnlitterære skrivinga stått sentralt. Skriving må ha eit klart mål og vere noko ein øver på i alle fag, sa Berge. Resultat frå Normprosjektet viser at elevar som jobbar systematisk og riktig med skriving, kan få eit læringsforsprang på opptil to år.

«Norskfaget bør vere mindre eksamensstyrt, og meir forankra i undervisning, læring og danning.»

Skulemyndigheitene er no på rett veg, sa Berge, og Ludvigsen-utvalet fekk ros for å ha fokusert på at skriving er ei grunnleggjande ferdigheit som ein skal trene på i alle fag. Berge åtvara samtidig mot å la testing bli for dominerande i skulen, og peika på at dagens eksamensordning ikkje er ein god målestokk på skriveferdigheitene til elevane.

 

Kor språkleg tolerante er vi eigentleg?

Brit Mæhlum, professor ved NTNU, og Stian Hårstad, førsteamanuensis ved NTNU

Brit Mæhlum«Den assimilerande tradisjonen i den norske skulen er skrinlagd, men har overlevd som ideologi.»

Assimileringstanken lever framleis i norsk skule, var bodskapen til Brit Mæhlum og Stian Hårstad. Dei peika på at den politikken som har vore praktisert for å få samane til å snakke norsk, har overlevd i nye former. Stian HårstadDei viste til at dei gjeldande læreplanane ikkje framhevar morsmålsopplæring som eit viktig fundament når elevar med andre morsmål skal lære seg norsk. Visse variantar av språk og talemål blir høgt akta og sette på som ressursar, medan andre ikkje blir det, sa dei.

 

Fleirspråklegheit som ressurs

Bente Ailin Svendsen, professor ved MultiLing, Senter for fleirspråklegheit ved Universitetet i Oslo

Bente Ailin Svendsen

Presentasjon av undersøkinga «Rom for språk? Hvordan forvaltes elevenes flerspråklige kompetanse i skolen?»

«Klasserommet står fram som språkleg homogent.»

Blir fleirspråklegheit forvalta som ein ressurs i den norske skulen? Det var temaet for ei undersøking Språkrådet og MultiLing gjorde blant norske elevar og lærarar i forkant av Språkdagen. Undersøkinga var gjennomført av Ipsos MMI, og det vart registrert kring 5000 svar.

Viktige funn frå undersøkinga:

  • 1 av 3 elevar har eit fleirspråkleg heimemiljø.
  • 7 av 10 lærarar rapporterer at dei aldri har hatt undervisningsopplegg der det å kunne fleire språk eller fleirspråklegheit har vore eit tema.
  • Medan dei fleste av elevane bruker andre språk eller ord frå andre språk enn norsk i friminutta, gjer ikkje majoriteten det i klasserommet.

 

Næringslivet taper på manglande framandspråkskompetanse

The importance of multilingualism for business: the UK experience

Antonella Sorace, professor i lingvistikk ved universitetet i Edinburgh

Antonella SoraceInnleiing: Øystein Vangsnes, fagrådsmedlem i Språkrådet og professor ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

«I Storbritannia blir framandspråk sett på som noko som er fint å ha, ikkje noko som fører til økonomisk vekst.»

Ein studie frå 2011 viser at det britiske næringslivet taper 7,3 milliardar pund årleg på manglande språkkompetanse. Det å lære framandspråk har låg prioritet i Storbritannia og blir ikkje sett på som noko som det er verdt å investere i. Det finst seigliva mytar som seier at fleirspråklege barn blir hengande etter, og det bidreg til at mange foreldre ikkje ser verdien av å la ungane vekse opp som framandspråklege. Ettersom engelsk har ein svært privilegert status, blir det ikkje sett på som nødvendig å lære seg fleire språk. I resten av Europa fører det likeins til at engelsk blir sett på som det einaste framandspråket som er verdt å lære seg.

«Språkkunnskapar gjer oss sterkare på ein internasjonal marknad.»

Det å kunne fleire språk handlar om meir enn å kommunisere. Både evna til å ta rasjonelle avgjerder, forhandle, prioritere og sjå ting frå andres perspektiv blir styrkt når ein kan fleire språk. Såleis er fleirspråklegheit viktig for næringslivet på mange måtar, sa Sorace.

 

En norsklærers bekjennelser

Innlegg frå Thom Jambak, lærar og hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet

Thom Jambak«Norskfaget handlar ikkje om å gje karakterar, men om å byggje karakter.»

 «Norskfaget har lagt grunnlaget for velstanden i landet vårt. Det er ikkje tilfeldig at foreldra våre har funne olje, utvunne han og forvalta rikdommen på ein mønsterverdig måte.»

«Ludvigsen-utvalet føreslår å gjere norskfaget meir instrumentelt. Det er eg skeptisk til, fordi norsk og kultur heng så tett saman. Det er viktig at elevane ser det store biletet.»

 

Innhaldet i framtidas skule

Sten Ludvigsen, leiar i Ludvigsen-utvalet, som leverte NOU-en «Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser» til kunnskapsministeren i juni 2015

Sten Ludvigsen«Ein må jobbe med færre ting, men på ein djupare måte.»

Sten Ludvigsen er leiar for eit utval som har fått i oppdrag av kunnskapsministeren å stake ut kursen for framtidas skule. Ludvigsen peika på at samfunnet er i endring, og at skulen må tilpasse seg den nye tida. Dei nye kunnskapskrava krev nye undervisningsmetodar, og difor må vi tenkje nytt om innhaldet i skulen, sa Ludvigsen. Det moderne samfunnet krev til dømes at elevane er i stand til å orientere seg i all informasjonen. Noko av hovudbodskapen til utvalet er at elevane har lært for lite om for mange ting.

«Vi må spørje oss: Kva er det som er viktig ved faga, og kvifor skal me behalde dei?»

 

Paneldebatten om norskundervisning og språkopplæring i framtida

Erik WoldKjell Lars Berge, professor i tekstvitskap ved Universitetet i Oslo
Åse Wetås, påtroppande direktør i Språkrådet
Kristoffer Hansen, leiar i Elevorganisasjonen
Are Turmo, kompetansedirektør i NHO
Henrik Asheim, stortingsrepresentant (H) og medlem i kyrkje, utdannings- og forskingskomiteen
Benedicte Eyde, leiar i Landslaget for norskundervisning og lærar ved Stabekk videregående skole

Debattleiar: Erik Wold

 «Eg trur det er farleg å redusere på norsken for å få plass til andre språk» (Åse Wetås).

«Djupn og breidde er ikkje nødvendigvis motsetningar» (Benedicte Eyde).

«Vurderingsordningane må sjåast nærmare på, og helst endrast» (Benedicte Eyde).

«Sidemålsundervisninga i dag fungerer ikkje» (Henrik Asheim).

«Det finst meir målrelaterte vurderingssystem for sidemålet. Det kan vi fikse» (Kjell Lars Berge).

«For at vi skal få til den nye læringa, må kanskje norskfaget vere villig til å ofre nokre kompetansemål» (Kristoffer Hansen).

«Norskfaget kan ha blitt ein sekkepost for det vi ikkje vil ha» (Henrik Asheim).

«Vi ønskjer at fleire vel tysk, det er eit mykje viktigare språk for bedriftene våre enn spansk» (Are Turmo).

«Det er viktig at fleire språkfag kan snakkast om med det same metaspråket» (Åse Wetås).

«Kulturkompetanse er òg viktig, bedriftene våre melder at dei taper kontraktar fordi dei ikkje kjenner dei kulturelle kodane» (Are Turmo).

Paneldebatt

Språkprisen 2015

Kvart år deler Språkrådet ut pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisen blir delt ut annakvart år på bokmål og nynorsk, og i år gjekk prisen til ein nynorskforfattar.

I år gjekk prisen til Einar Økland. Han vart heidra for dei to siste utgjevingane sine, Norske malebøker og artikkelsamlinga Fotgjengar med fotnotar.

Prisvinnaren fekk eit diplom og 100 000 kr.

Ottar Grepstad og Einar Økland

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.01.2004 | Oppdatert:19.01.2021