Språka i Norden

Kva veit du om språka som blir brukte i Norden? Her finn du ein kort omtale av kvart av dei. Du finn også den same teksten på dei ulike språka, slik at du kan samanlikna tekstane og sjå kva som er likt, og kva skilnader som finst.

Dansk flagg

Dansk

Talet på brukarar: ca. 6 millionar
Eksportord: bil og jante
Å helsa på dansk: Hej og goddag
Vanskeleg å seia: «Rødgrød med fløde»

Finsk flagg

Finsk

Tal på brukarar: ca. 5,5 millionar
Eksportord: sauna, sisu
Å helse på finsk: hei, hyvää päivää

Færøysk flagg

Færøysk

Tal på brukarar: ca. 75.000
Eksportord: grindkval
Å helsa på færøysk: Góðan dag
Vanskeleg å seia: «Eitt heitt, nýbakað byggbreyð»

Grønlandsk flagg

Grønlandsk

Språk: grønlandsk
Tal på brukarar: ca. 55 000
Eksportord: anorakk, igloo og kajakk
Å helsa på grønlandsk: inuugujog, kutaa eller haluu
Vanskeleg å seia: «Taskeqakataqaanga» (eg er lei av å bera denne ryggsekken)

Islandsk flagg

Islandsk

Talet på brukarar: ca. 320.000
Eksportord: geysir, ærfugl og berserk
Å helsa på islandsk: Halló eller góðan daginn
Vanskeleg å seia: «Það fer nú að verða verra ferðaveðrið» (det kjem til å bli verre reisevêr)

Norsk flagg

Norsk (bokmål og nynorsk)

Talet på brukarar: ca. 5 millionar
Eksportord: slalåm, fjord og quisling
Å helsa på norsk: Hei eller god dag
Vanskeleg å seia: «Jordbærrabarbra»

Samisk flagg

Samisk

Språk: samisk, brukt i fire land og er 10 (11) ulike språk
Tal på brukarar: 20-30 000

Svensk flagg

Svensk

Talet på brukarar: ca. 10 millionar
Eksportord: ombodsmann, smørgåsbord og gløgg
Å helsa på svensk: Hej, hallå og god dag
Vanskeleg å seia: «Sju sjösjuka sjömän sköttes av sjutton sköna sjuksköterskor»

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.07.2013 | Oppdatert:14.01.2021