Aksentteikn

Aksentteikna kan sløyfast i alle ord så nær som i namn.

I ordlister og ordbøker er gjerne ord som kan ha aksent, førte opp med aksentteiknet. Aksent er meir vanleg i nynorsk enn i bokmål i heimlege ord.

Akutt aksent

Akutt aksent er det vanlegaste aksentteiknet i norsk. Vi bruker akutt aksent særleg for å markere at ei staving har sterkt trykk.

Akutt aksent er obligatorisk i nokre personnamn med utanlandsk opphav og i utanlandske geografiske namn for å markere hovudtrykk.

André, Linné, Bogotá, Andalucía

Akutt aksent blir brukt i visse framandord som endar på trykksterk e, for å markere hovudtrykk.

allé, diaré, kafé, idé, entré, komité, kupé, moské, supé, trofé, diskré

Teiknet er ikkje obligatorisk i desse orda. Det er særleg vanleg å sløyfe aksenten i bøyingsformene av ordet.

ein allé – alleen – allear – alleane (nynorsk)
en allé – alleen – alleer – alleene (bokmål)

Vi kan bruke aksentteikn for å skilje den ubundne artikkelen ein/en frå talordet éin/én.

I Noreg bruker vi éin plugg i apparatet. Det var éi jente der.

Vi kan bruke aksentteikn for å markere trykk på pronomenet det.

Eg trudde ikkje at du skulle klare det, men dét gjorde du.

I inkjekjønn bruker vi ikkje aksent, men ein ekstra t.

Det var berre eitt spørsmål han ikkje greidde å svare på.

Aksentteiknet kan også brukast over store bokstavar.

Éin sjokoladebit til kan du få.

Det skal ikkje vere aksentteikn i ord som desse:

kontroller, plasser, studer osv. (altså imperativ av kontrollere, plassere, studere og andre verb på -ere); finer, pioner, kommandersersjant, museum, mesen, filet

I nynorsk kan vi bruke akutt aksent ved nokre få heimlege ord.

Vi kan bruke akutt aksent i nynorsk for eksempel i fór (preteritum av fare), til skilnad frå fòr (plogfòr), fôr (kåpefôr, dyrefôr) og for (preposisjon og konjunksjon), men aksenten kan sløyfast overalt. Også i nynorsk lét (preteritum av late) kan vi bruke akutt aksent, til skilnad frå lèt (presens av late), men teiknet kan sløyfast.

Grav aksent

Grav aksent er obligatorisk i visse utanlandske namn.

Genève, Liège, Val-d’Isère

Vi kan bruke grav aksent for å skilje adverbet òg (= også) frå konjunksjonen og.

Han òg ville vere med.

Merk at det er grav aksent vi bruker i òg. Det er betre å sløyfe aksenten her enn å bruke feil aksentteikn.

Det vanlegaste ordet med grav aksent er den franske preposisjonen à i visse uttrykk. Vi kan bruke aksentteiknet i slike tilfelle, men kan også sløyfe det.

à jour (men ikkje aksent i samansetningar: ajourføre), à la carte,

vis-à-vis, 2 kg à kr 9,50

Det skal ikkje vere aksentteikn i franske lånord som desse:

ampere, premiere, misere, barriere, bohem, tantieme

Det skal ikkje vere aksentteikn i desse uttrykka frå italiensk:

a cappella, a konto, a viso, a vista

I nynorsk kan vi bruke grav aksent ved nokre få heimlege ord.

Vi kan bruke grav aksent i nynorsk for eksempel i fòr (plogfòr) og lèt (presens av late), men aksenten kan sløyfast.

Sirkumfleks

Sirkumfleksteiknet er obligatorisk i nokre utanlandske namn.

Côte d’Azur, Rhône

Aksenten er valfri i framande ord og vendingar.

tête-à-tête, entrecôte, crème fraîche

Vi kan bruke sirkumfleksteiknet ved nokre få heimlege ord.

I begge målformene kan vi bruke sirkumfleksteiknet i fôr (kåpefôr, dyrefôr), fôre, i nynorsk dessutan også i lêr (skinn) og vêr (ein vêr =sauebukk; eit vêr = klima), men teiknet kan sløyfast.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.03.2004 | Oppdatert:19.12.2023